Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Florø radio
Forfatter: wikipedia
Publiseringsdato: 10.09.2006

Florø radio spelar ei viktig rolle innan maritim radiokommunikasjon, sjøsikkerheit og redningstjeneste og den ligg strategisk til i høve til olje- og fiskeriaktivitetar i den nordlege delen av nordsjøen og norskehavet. 

Florø radio (LGL) er ein kystradiostasjon lokalisert i Florø i Sogn og Fjordane. Stasjonen vart oppretta i 1938 etter krav frå ”Ruteskipenes Befalsforbund”. Bakgrunnen var m.a. fleire grunnstøtingar av hurtigrutene i Florø-leia. 

Stasjonen er døgnbemanna og avlyttar kontinuerlig internasjonale nød- og kallekanalar på VHF og MF. 

I mai 2004 overtok stasjonen fjernstyringa av Ørlandet radio sine radioanlegg etter at denne stasjonen vart stengt, og stasjonen sitt ansvarsområde vart då utvida til å omfattar sjø/hav-områda i og utanfor fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-trøndelag og Nord-trøndelag og strekkjer seg i dag frå Sognefjorden og Oseberg-feltet i sør til Rørvik og Heidrun-feltet i nord. 

Kjelde: Nynorsk Wikipedia 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal