Monument
over Englandsfarten
Foto: Scandion.
Englandsfarten er namn brukt på båttrafikken
mellom det okkuperte Noreg og Storbritannia (særleg Shetland, Orknøyene
og Skottland) under andre verdskrig. Personar som reiste med båtane
er omtala som englandsfararar.
På Skateflukaia, ei perle i Ålesund, står
monumentet over Englandsfarten.
Utkast til monumentet, av kunstnaren Olav Stavseng, vart
godkjent i 1993 - og Skateflukaia blei stilt til disposisjon for prosjektet.
Økonomisk støtte kom inn frå enkeltpersonar,
firma og institusjonar i inn- og utland, statlege myndigheiter, kommunar
på Vestlandet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund
kommune.
Kunstnaren Olav Stavseng, født 1949 i Stordal,
utførte arbeidet i perioden mai 1994 til mai 1995.
Olav Stavseng har kunstutdanning i Noreg, Sverige og Italia.
Han har hatt utstillingar sidan 1970, og har utført mange private
og offentlege oppdrag.
Monumentet blei avduka 8. mai 1995 av Kronprins Haakon. |