Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Ålesund
Kjentfolk
 

 

 
Ganger Rolf
Foto: Scandion
 
Ganger Rolf, vikingen frå den historiske øya Giske utanfor Ålesund erobra og grunnla Normandie i Frankrike der han blei hertug  i år 911. 

Ganger Rolf hadde på vikingferd kommando over mange hundre skip og tusenvis av menn. Då han i 911, for andre gong kom til Frankrike, blei den franske kongen Karl den Enfoldige så skremt at han ga Ganger Rolv det området i nordvestre Frankrike som fekk namnet Normandie, fordi det blei overteke av nordmenn. 

I 1911, i forbindelse med 1000-års festen til minne om denne hendinga, fekk Ålesund den 2,65 meter høge bronsestatua i gåve frå byen Rouen. Statua står i byparken.

Ganger-Rolv, son til Ragnvald Mørejarl, var oldefar til Wilhelm Erobraren, som erobra England i 1066, og han er difor også stamfar til det engelske og norske kongehus. 
 
I utlandet er Ganger Rolf mest kjent som Rollo, og det er i dag tre kjente statuer av han.
Originalen står i Rouen, og dei to kopiane er i Byparken i Ålesund og i Fargo i USA.
 
Ganger Rolf døydde i 933


  
 


  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no