Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Averøy
Kyrkja
 

   

 
Kvernes kyrkje
Foto: Scandion
 
Like ved prestegarden, frå gamalt av Mørejarlens rike, ligg Kvernes kyrkje og Kvernes stavkyrkje side om side. Nyekyrkja, som vart bygd i 1893, er ei langkyrkje i tre med 420 plassar. Arkitekt: Thoresen, A.

Dei to kyrkjeklokkene i stavkyrkja vart tekne i bruk i nyekyrkja i 1893: den minste er frå 1546 og omstøpt i 1927, den største er ei "Olavs-klokke" med relieff av helgenkongen, og er frå 1793. Av anna inventar frå stavkyrkja kan nemnast kalk og disk i sølv, messing lysekrone og to trearma lysestakar i messingfrå, alt frå 1600-talet. Altartavla er ein kopi av eit bilete måla av Christen Brun med motiv Krossfestinga. Interiøret i kyrkja vart restaurert i 1964 under leiing av kunstmålar Ola Seter, Halsa. Glasmåleri av Herlofson vart samstundes innsett. Kyrkja fekk nytt orgel i 1988.

Kjelde: kulturnett.no
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal