Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Averøy
Samferdsle
 

 

 
Atlanterhavsvegen
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 29.12.2006 

Atlanterhavsvegen er ein spektakulær veg- og bruforbindelse i havgapet mellom kommunane Averøy og Eide på Nordmøre i Møre og Romsdal. Vegen vert ofte kalla «Kystens Trollstigveg». 


Storseisundbrua. Foto: Scandion. 

Atlanterhavsvegen er 8274 meter lang og går over 8 bruer; Vevangstraumbrua, Klipabrua, Hulvågbrua, Myrbærholmbrua, Storseisundbrua, Geitøybrua, Storlauvøybrua og Litllauvøybrua. 

Vegen avløyste ferjesambandet mellom Ørjavik og Tøvik i dei to kommunane. 

Dei totale konstnader med veganlegget kom på 122 millionar kroner (1989 kr). 


Atlanterhavsvegen. Foto: Scandion. 

Finansieringa vart gjort ved 50% riksvegmidlar, 25% sysselsettingsmidlar og aksjekapital samt 25% bompengar. 

Arbeidet med Atlanterhavsvegen starta 1. august 1983 og vegen vart opna for trafikk 7. juli 1989. Veg- og bruforbindelsen gjorde området meir attraktivt og tilgjengeleg både for turistar og lokalbefolkninga. Atlanterhavsvegen vart i 2005 kåra til århundrets byggverk av det norske folk. 

Tekniske spesifikasjonar - seglingshøgde i parantes. 
Vevangstraumbrua - 119 meter (10m) 
Hulvågbrua - Klipabrua - Myrbærholmbrua (3 bruer) 293 meter (4m) 
Storseisundbrua - 260 meter (23m) 
Geitøysundbrua - 52 meter (6m) 
Storlauvsøybrua - 52 meter (3m)
Liltlauvøybrua - 115 meter (7m) 


Foto: Scandion. 

Friluftsaktivitet 
Atlanterhavsvegen er meir enn veg og bruer. Parker bilen og gå nokre få meter til dei finaste fiskeplassar. Dra i land nokre sei som du grillar på eit bål ved sjøkanten - eller kos deg på ein av dei fine badeplassane i området. 

Landskapet egnar seg godt for sykling. Kvart år vert Atlanterhavsrittet arrangert, eit løp som samlar syklistar frå heile Noreg. Det årlege Atlanterhavsløpet er populært. Her er det også ein eigen trim-klasse. 


Denne minnestøtta over omkomne på havet står like ved Storseisundbrua. Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no