Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Kristiansund
Attraksjonar
Kvalvik Fort

 

   
Kvalvik Fort
Tekst: Scandion (05.01.09)
 
Kvalvik Fort ligg flott til nordaust på Freiøya, ut mot fjorden med kanonstillingar, kanoner, andre installasjonar og er utstyrt med informasjonstavler. Fortet, som er under restaurering, er eit av dei best bevarte kystfort frå 2. verdskrig. 

Kvalvik Fort blei bygd av tyske styrkar under okkupasjonen 1940 - 1945. Det var eitt av 400 kystfort i "Festung Norwegen". Det vart starta bygd våren 1943, men var enno ikkje ferdig då freden kom. Mannskapsstyrken var i november 1944 på 100 mann. 

Publikum har adgang til fortet. Inne i dei ulike bunkerane får ein eit innblikk i korleis det var å være utplassert soldat under den 2. verdskrig.

Fort-området blir halde vedlike av Frei kommune i tett samarbeid med Kvalvik Forts Venner. Venneforeninga er åpen for alle interesserte. 

Les meir om fortet på http://www.kvalvikfort.no

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal