Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Kristiansund
Attraksjonar
 

   

 
Sundbåten
Tekst: Scandion
Sundbåten MS ANGVIK. Foto: Scandion. 

Sundbåten, Kristiansunds kulturminne og verdas eldste kollektive transportmiddel, vart i 1997 kåra til årets kulturminne - og er framleis i bruk. 

Den første sundbåten vart sett i rute i 1876. Ny båt kom i rute i 2005. Dei små passasjerferjene går ut frå Piren- ved foten av Kaibakken, og går i rute mellom dei fire «landa» som bydelane i Kristiansund vert kalla. 

Båten er eit populært transportmiddel. Ein rundtur tek ca. 15-20 minuttar. 
 
 

På 1800-talet var Kristiansund i god vekst, og det vart behov for ein kommunal trafikkordning mellom dei fire «landa» - Innlandet, Gomalandet, Nordlandet og Kirkelandet, som dei fire bydelane i Kristiansund vert kalla. 

Kjøpmenn i byen etablerte i 1875 Kristiansund Dampbåtsamlag. Den 18. november 1876 kom selskapet sin første båt «Kvik» inn i trafikk. Trafikken auka - og snart etter kom to båter til, «Rap» og «Fram». Folk kalla dei tre båtane «sundbåtar». 


MS «Angvik» Foto: Scandion. 

Selskapet vart ein suksess frå første stund - og i 1917 var det heile 4 båtar i drift. Dei små passasjerferjene går ut frå Piren- ved foten av Kaibakken. 

Sundbåten er Kristiansund sitt svar på trikken i San Francisco. I området rundt Tahitibrygga er det planlagt eit Sundbåtmuseum der den restaurerte «Lyn» frå 1912 vil være midtpunkt for utstillinga. Ein eigen stiftelse arbeidar med å byggje oppatt flaggskipet i Sundbåtflåten - den erværdige Framnæs som vil være i trafikk på hamna i 2006. 

Sundbåten, verdas eldste kollektive transportmiddel, vart i 1997 kåra til årets kulturminne i Kristiansund - og MS «Rapp» og den nye MS «Angvik», som kom i rute i 2005, trafikkerer dagleg hamnebassenget. 

Sundbåten har vore «byens hjerte» i 130 år og frakta over 130 millionar passasjerer over havna. 

Båten er eit populært transportmiddel. MS «Rap» har plass til 65 personer og MS «Angvik» 70 personer. Ein rundtur tek ca. 15-20 minuttar. 

Les meir om Sundbåten på sundbåten.no
 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal