Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Kristiansund
Fakta
Folketalsutvikling

 

Kristiansund kommune
Foto: Scandion

Oppretta som eigen kommune i 1742
Kommunenummer : 1505 
Fylke : Møre og Romsdal 
Administrasjonssenter : Kristiansund 
Flatevidde : 87 km² 
Folketal : 22661
Målform : Bokmål 


 
 




Kristiansund ligg på tre øyar rundt ei av Noregs beste og vakraste naturhamn. Hamna har tre innløp og dei fire bydelane (som kallast land) er Innlandet, Gomalandet, Nordlandet og Kirkelandet. Dei tre øyane er bundne saman av bruer og har i tillegg forbindelse med ein rutegåande liten passasjerbåt.

Kristiansund blei grunnlagt og fekk sin status av den dansk-norske Kong Christian VI i 1742, men det har budd folk her ute i 10.000 år (Fosnakulturen). Byen har hatt tømmereksport, silde- og fiskeindustri, verftsindustri og trålarflåter som vesentlege næringar opp gjennom tidene. Men det var som produksjonsstad og eksportør av klippfisk Kristiansund gjorde seg kjent. Denne perioden strekte seg frå 1600 - 1950 talet. No er Kristiansund baseby for olje- og gassverksemd utanfor Midt Noreg. 

1. januar 2008 vart nabokommunen Frei slått saman med Kristiansund. Samenslåinga blei avgjort ved folkeavstemning i begge kommunane 22. mars 2004. Avgjerda om samanslåing av kommunane skulle egentleg vore ein kongelig resolusjon sidan dette er ein beslutning av ”Kongen i statsråd”. Når kronprinsen leiar Statsrådet, blir dei resolusjonar som blir fremma, kalla Kronprinsregentens resolusjonar. Vedtaket om samenslåing av Frei og Kristiansund er difor ein ”Kronprinsregent resolusjon” sidan det var Kronprins Haakon som leia statsråd fredag 27. mai. 2004.

Den nye kommunen fekk navnet Kristiansund.

Kjelde : Kristiansund kommune.

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal