Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Smøla
Næringsliv
 

 

 
Næringliv i Smøla kommune
Tekst: Scandion
18.07.08

Smøla kommune har vedtatt ein langsiktig plan for næringsutvikling, der betydelege ressursar er avsett for å kunne nå målet om at kommunen i 2020 skal ha eit stabilt, variert og verdiskapande næringsliv på naturen sine premissar.

Næringslivet har tradisjonelt vore innan primærnæringane landbruk og fiske. Dette har over tid endra seg og næringslivet består i dag også av bedrifter innan områder som; oppdrett og foredling, mekanisk industri samt bygg og anlegg. Utbygging av Smøla vindpark har medført ei ny næring med stabile arbeidsplassar. Reiselivsnæringa er veksande med eit stort utviklingspotensial. Vidare eitt breidt tilbod innan service ved butikkar, SPA, frisør og liknande. Smøla kommune er den største arbeidsplassen i kommunen. 

OMSTILLINGSKOMMUNE
Sidan 2001 har Smøla hatt status som omstillingskommune, og Omstilling Smøla har hatt ein posisjon som 
sentral samarbeidspartnar for eksisterande næringsliv og nyetablerarar - som, på mange måter, har fått ein 
positiv oppsving som ein konsekvens av målretta satsing under omstillingsstatusen. 

2. november 2006 vedtok kommunestyret ein strategisk næringsplan for 2007 - 2020. I planen vert det peika på 
kva satsingsområder som skal være i fokus i åra framover. Som ei vidaresatsing vart det, 6. februar 2007, 
vedtatt å opprette Smøla Næringssenter KF. 

Smøla Næringssenter KF blei oppretta 1. april 2007, og er ei vidareføring av næringssatsinga gjennom seks år som omstillingskommune. Frå 1. september 2007 har næringssenteret, som har kontorlokaler i kjøpesenteret på 
Hopen, vore fullt bemanna med tre tilsette.

VINDKRAFT
Smøla vindpark I og II er Nord-Europas største landbaserte vindpark, bygt av Statkraft i perioden frå 2001 - 2005. Det er blitt eit flott anlegg som både kommune og eigaren Statkraft er stolte av. 
I 2002 opna Kong Harald V Smøla vindpark I, og Smøla blei den første store vindkraftkommunen i Norge. 
Hausten 2005 opna Gro Harlem Brundtland Smøla vindpark II. 

Vindparken består av 20 turbiner på 2 MW og 48 turbiner på 2,3 MW. Dette gir ein installert effekt på 150 MW og årsproduksjon på rundt 450 GWh. Det tilsvarer eit normalt forbruk for 20.000 husstander. 
Total investering kom på vel 1,2 mrd. kroner. I Smøla vindpark arbeider det i dag omlag ti personer i eit 
eige administrasjonsbygg. Vindmøllene er opptil 70 meter høge og har eit vingespenn på inntil 80 meter.

VERTSKAP FOR VINDKRAFTINTERESSERTE 
Som den første vindkraftkommunen i Norge har Smøla tatt på seg store oppgåver, bl.a. som vertskap for alle 
som ønsker å lære meir om vindkraft. Smøla kommune har eit svært godt samarbeid med kraftverkseigaren Statkraft, og saman kan ein ønske velkommen til det første store "vindkraftlaboratoriet" i Noreg.

Kjelde: Smøla kommune

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal