Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

    

 
M/S Bruvik
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 06.07.2002


Foto: Scandion.

Når vi tenkjer attende på dei fjordabåtane som har tent distriktet, vart «Bruvik» reine revolusjonen. Båten var stor og romsleg, hadde vakre linjer, og var i det heile teke ei pryd for augo og stortriveleg å reisa med. Bli med attende til søndag 15. juli 1979, - og opplev Leidulv Hundvin si skildring av M/S Bruvik sin avskjedstur med sitt gamle ruteområde. 

Sommaren 1949 - berre fire år etter at krigen var over - skjedde ei storhending i Indre Nordhordland Dampbåtlag si soge: M/S «Bruvik» vart overlevert frå Glommen Mek. Verksted i Fredrikstad for å setjast inn i rute på Sør- og Osterfjorden. 

Når vi tenkjer på dei fjordabåtane som tente distriktet då, vart «Bruvik» reine revolusjonen. Båten var stor og romsleg, hadde vakre linjer, og var i det heile teke ei pryd for augo og stortriveleg å reisa med. 

Privatbilismen var liten, vegane og ferjestrekkjene dårleg utbygde, så i helgetrafikken tok båten godt unna når det galdt heimreiser for hybelbuarar, hyttefolk eller feriereisande. 

Og for ikkje å snakka om påskehelgene når reisemålet var Romarheim eller Mo, namn som kling med ein eigen dåm i ein kvar tur- og fjellvandrar sine øyro. Då var det ikkje tale om berre dei 350 passasjerane båten kunne ta, talet kunne gjerne koma opp i 500 eller meir. 

Sommarhelgene når huslyden låg på landet og «pappabåtane» kom, kven hugsar ikkje dei? «Bruvik» hadde mange glade fedre med seg, og på kaien stod ungane og venta på kva godt det var som løynde seg i ryggsekken eller kufferten. Og gjerne litt avsides stod blide, brune og helgeprydde koner og smilte. Dei venta også sitt. 

Eller søndagsturane rundt Osterøya? I godver - slik vi helst vil minnast dei - var desse ei oppleving. Ei tid hadde båten eit par timars opphald på Eidslandet. Då fekk dei reisande høve til å ta ein liten biltur opp gjennom den vakre Eksingedalen der Eksa kasta seg i kåte hopp og sprett ut over ufser og juv, så roket stod. Ein vakker dal og eit gjestfritt folkeslag møtte deg, og ved kaien låg «Bruvik» skinande kvit og svart og venta tolmodig medan dei reisande fekk nyta synet av dalen og stordomen. 

I sanning: Ein båt som har gjeve stor glede og gode kjære minne til mange reisande, minne som vil takast vare på som kostbare perler og dyre edelsteinar. 

Men all stordom forgår, anten den no er menneskeleg eller det gjeld båtar. Så også med «Bruvik». Båten har blitt 30 år, og ei ny tid og ein ny generasjon krev meir tidhøvelege reisemåtar. Dessutan har vegar, bilar og ferjer overteke storparten av dei helge- og feriereisande, så «Bruvik» si tid er over. Og då snøggbåten «Manger» kom i midten av juli månad, vart «Bruvik» avløyst og ferdig med si oppgåve. 

Selskapet ville endå ein gong lata dei reisande få høve til å sjå Sør- og Osterfjorden, og til å ta avskil med «Bruvik». 

Difor vart det sett opp ein avskils-ærestur søndag den 15. juli, der «Bruvik» stemnde ut frå byen flaggprydd og skinande. 

Og det vart i sanning ein storfeld avskilstur. Veret var som det elles har vore i sommar, kaldt og surt. Men utanom fullsett båt var også presse og kringkasting møtt opp, så turen vart godt «dekka». Og blide smil og hyggelege menneske møtte ein over alt på båten, sjølv om fjella ved Veafjorden løynde seg i gråtjukk kaldskodde og regnelingar. 

Fotlandsvåg Musikklag spela under heile turen. Dei var utrøyttande, så om instrumenta vart fylte av regn spela dei like iherdig. Vi hadde også folk med der, både store Carl Gunnar Nesheim og den meir småvaksne Gunnar Nygaard. Den sistnemnde skulle hatt Nesheim sin praktfulle brystkasse, slik at alle medaljane kunne fått kome til sin fulle rett. For maken skal du leita etter. 

Turen gjekk om Frekhaug, Knarvik, Valestrandsfossen, Ytre-Arna, Haus, Bruvik, Eidslandet og til Mo. Der hadde storparten av kommunen sine innbyggjarar møtt fram med ordføraren i spissen. Modølingane hadde også budd seg med festmåltid for mannskapet på «Bruvik» - som denne gongen var handplukka «gamlekarar». Men diverre tillet ikkje tida at dette vart noko av. Eit rørande avskil vart det likevel. Modalen har no fått tunnel og fast vegsamband med Bergen, så dei er sjølvhjelpne. I to- tre år har dei no vore utan rutebåt, men det var tydeleg å sjå at dei sette pris på at gamle «Bruvik» enno ein gong ville visa seg ved kaien, og at dei fekk helsa på «gamlemannskapet». 

Mostraumen synte seg frå si beste side denne søndagen, og vi fekk også solglytt då vi gjekk gjennom straumen på utgåande. Det bar ut fjorden til Romarheim, Vikanes, Kleiveland, Tyssebotn, Målvikgrend, Bernes, Ostereidet, Hosanger og Eikangervåg. Sistnemnde stad må vi nemna særskilt. Mange hundre menneske var møtt fram på kaien og i vegen ovanfor. Dei troppa også opp med hornmusikk, så avskilsstunda var både sår og merkande. Få har vel reist meir med «Bruvik» enn Eikangerfolket. Så det er ingenting å seia på at salongen på øvre dekk fekk namnet «Eikongstova». I denne stova har mange samfunnsproblem vorte løyste under reisa laurdags- og søndagskveldane, og mange unggutar har i løynd funne handa til den gjenta dei vart glade i, og kjærteikna henne i all stilla. 

Men ferda måtte gå vidare. Enno stod Leiknes og Hamreplass att. På sistnemnde stad var det også stort frammøte, og i folkemengda merka vi oss både døveprest Hammer, broren som er boktrykkjar, og Håvard Salhus. 

Langs heile ruta vi hadde passert vart «Bruvik» helsa med flagg. Men på Hamreplass var det på halv stong. Og «Bruvik» hadde under heile turen helsa attende med fløyta, så på slutten vart ho både hås og sliten. Men kva gjorde vel det. Det var siste tur, så ho kunne endeleg få kvila seg att. 

Knarvik, Flatøy og Frekhaug vart på ny passerte og utgangspunktet var nådd: Bergen. Ringen var slutta og ferda enda. «Bruvik» har tent si tid, og ein verdig avskilstur hadde han teke med sine reisande som opp til ein heil mannsalder har drege nytte av han. I takksemd firer vi flagget. 

Ei ny tid har gjort sitt inntog. Ei meir rastlaus tid, men også ei tid med store voner og forventingar til eit målmedvite og alltid tenestevillig Rutelag. Så i vemod over ein kjær og trufast slitar gler vi oss til å tena våre reisande med samferdselsmidlar som er meir tidhøvelege, og som vi veit at dei kjem til å nytta seg av og setja pris på. 

--------------------------------------------
Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 2-3 - 1979 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal