Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

 

 
DS «Lindaas»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.08.2006

DS «Lindaas» vart bygd i 1909 av Kristiansands mek. Verksted for Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskab. Ruteområdet båten tenestegjorde i vart for det meste Austrheim - Fedje - Byrknesøy. 

I 1908 selde selskapet DS «Nordhordland» som hadde gjort teneste i 28 år. Selskapet fekk kr. 13.000,- for han, og desse pengane vart straks sette i ny båt som kom våren 1909. Vi kan ikkje eksakt finna ut kva DS «Lindaas» kosta, men prisen har truleg lege på rundt kr. 63.000,-. 

Etter at Noreg vart med i andre verdskrig vart båten overtatt av tyskarane som døypte den NB 03 OTTER. 

Skipet vart levert tilbake til reiarlaget då krigen tok slutt og fekk då tilbake det gamle namnet sitt. 

I 1946 gjenomgjekk DS «Lindaas» eit større moderniseringsarbeide - og etter det gjekk båten i trafikk til 1962. Den vart då seld og omgjord til lastebåt og fekk namnet MS «Gerlaug». Maskina vart då ein tosylindra oljemotor på 100 hk. 

Båten gjekk som lastebåt under diverse eigarar inntil 1987, då den sokk medan den låg i opplag utanfor Ålesund. Båten vart heva og seinare senka utanfor Storfjorden. Kjelde : Wikipedia 

Les om D/S «Lindaas» si berging av «San Remo» 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal