Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

   

 
Frå dampskip til snøggbåt
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 13.08.2006

Namnet ”Lygra” har pryda både dampskip, motorskip, ferje og snøggbåt som har traffikert på fjordane i Nordhordland. Her får du ei lita oversikt over båtar som har hatt dette namnet. 


D/S "Lygra" slik båten såg ut til han vart ombygd i 1947. 

D/S ”Lygra” 
Båten heitte opphaveleg ”Solstrand”, og var bygd ved Trondhjems mek. Værksted, Trondhjem. Båten vart levert til Midthordlandske Dampskibsselskab 25. desember 1899. 

Båten var på 185 br. reg. tonn, og ei 2 sylindra Compound dampmaskin gav den ein fart på 11 knop. Det var den største båten dette selskapet eigde. 

I 1935 kjøpte Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskap båten for kr. 25.000,- då eigaren var i store økonomiske vanskar, og selskapet gav han namnet ”Lygra”. 

Kontrakten er underteikna den 28. desember 1934, men overleveringa fann fyrst stad ut på nyåret i 1935. 


M/S "Lygra" etter ombygginga i 1947. Foto: Runderheim. 

M/S ”Lygra” 
I 1947 vart ”Lygra” heilt ombygd, og fekk no sett inn ein Crossley diesel-motor på 480 BHP. Båten vart ein ruvande farkost, som drog mykje folk og last med seg. Han fekk rettleg røyna seg under den store kraftutbygginga i Masfjorden, og det var ikkje småtteri han hadde på kjølen i dei åra. 

I 1967 var motoren utsliten, og ”Lygra” vart i februar 1969 seld til Olav D. Kvamme, Stamneshella - og den fekk namnet 
”Ostringen”. 

Målet var å bygge båten om til fraktebåt, men det vart det ikkje noko av. Båten vart i august 1969 seld til Brødrene Anda, Hundvåg for opphogging. 


M/F "Lygra" i full fart over Fensfjorden. Foto: Runderheim. 

M/F ”Lygra” 
Denne båten har ei lang og merkeleg soge. Namnet ”Lygra” fekk han ikkje bera meir enn dei siste 10 åra, og då som ferje. 

Båten vart bygd ved Aker mek. Værksted, Christiania, i 1892 for Bygdø Dampskibsselskab, og fekk namnet ”Louise”. Den var opphaveleg på 137 br. reg. tonn, som seinare vart auka til 143. Båten hadde Compound dampmaskin, som også var bygd ved same verkstaden. 

I 1903 vart han omdøypt til ”Louise 1”, og i 1913 seld til A/S Vestfjorden, Christiania, og omdøypt til ”Vestfjorden”. 

I 1920 vart han på ny seld, og kjøpar var A/S Bygdøens Bad. Namnet vart og endra, slik at han no vart heitande ”Bygdøens Bad”. 

Vi veit vidare at i 1923 overtok A/S Fjordtrafikk båten, og seinare Julie Mortensen. Båe desse reiarane held til i Oslo. Men i 1952 kom han til Vestlandet, og samstundes skifta han kjønn. No vart båten ei ferje, og ho fekk namnet ”Askøyferja”. Kjøpar og eigar var Askøy Bilfergeselskap, Florvåg. 

I 1960 vart ferja overteken av Rutelaget Askøy-Bergen, og ho fekk no namnet ”Dyrteigen”. Dei selde ho vidare til A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag i 1964 - som gav henne namnet ”Masfjord”, og sette ho inn i ruta Sævråsvåg - Masfjordnes - Duesund. Namnet bar ho til den nye ”Masfjord” kom i 1969. 

Då fyrst, altså i 1969, fekk ho namnet ”Lygra”, og det vart ho heitande til ho vart seld til George Mallion, England, i 1979. 


Snøggbåten "Lygra". Foto: Runderheim. 

Snøggbåten ”Lygra” 
Han vart bygd ved Fjellstrand Aluminium Yachts, Omastrand, og overteken av Bergen-Nordhordland Rutelag den 26. november 1981. 

Båten hadde ein bruttotonnasje på 315 tonn, og tok 292 passasjerar. Farten var på 24 knop, og han hadde to hovudmotorar kvar på 1130 BHK, som gjorde 1.650 omdreiningar i minuttet. 

Den første ”Lygra” kosta kr. 25.000,-, den siste omlag 14 mill. kroner. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal