Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

    

 
D/S "Seimstrand" prydar frimerke
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 22.07.2004

D/S "Seimstrand", som etter å ha slitt trufast i 60 år med å frakte passasjerar, gods og post mellom Bergen og Nordhordland, fekk på sine gamle dagar æra av å gå i ei solfylt rute i Karibien. 

"Seimstrand" vart bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen i 1913, og levert med ein Triple expansion dampmaskin på 40 NHK. 


D/S "Seimstrand" før den vart ombygd i 1947. 

I 1947 fekk "Seimstrand ei grundig ombygging på Frydenbø Slip & Mek. Verksted, Damsgård, Bergen. Dampmaskina blei erstatta med ein Crossley dieselmotor på 480 BHK, og båten fekk ein heilt ny innredning. 

I 1973 gjekk "Seimstrand" sin siste tur for selskapet Bergen Nordhordland Trafikklag. Etter det vart det opplag på Florvåg, før den i mars 1974 vart seld til Ferry Lines Ltd., Kingstown, St. Vincent (Britisk Vest-India). 

I fart mellom dei karibiske øyane St. Vincent, Grenedinene og Grenada (dei små Antiller) fekk "Seimstrand" ein meir solfylt tilværelse enn den Nordhordland kunne tilby. 

Sommaren 1980 blei båten avbilda på eit frimerke frå Grenada. Den har behalde namnet sitt, og er elles ganske identisk med den "Seimstrand" vi huskar frå dei siste åra den gjekk her på våre kantar. 

"Seimstrand" sank i 1984 på hamna i Kingstown, St.Vincent. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal