Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

    

  

I Nordhordland si teneste 
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 07.10.2004

1. januar 2004 var det 30 år sidan det vart eitt ruteselskap i Nordhordland. Frå styresmaktene si side hadde nok kongstanken om eitt stort ruteselskap lenge vore i emning. Då nordhordlendingen Mons Lid vart fylkesmann, vart dette ei av dei merkesakene han yngste å gjennomføra. 


M/S Bruvik 

Mons Lid vart fylkesmann i 1949, og alt i 1951 skjedde den første samanslåinga av dei mindre einingane, med di Alversund & Manger Dampbåtlag vart slege saman med Lindaas-Masfjorden Dampskipsselskap under namnet A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag. 

Den andre samanslåinga greidde han ikkje i si tid, då han gjekk av som fylkesmann i 1966. 

Det vart etterfylgjaren hans - vossingen Lars Leiro - som greidde denne bragden, og no er det altså gått 30 år sidan det hende. 

Vi som er komne litt opp i åra, veit at det er sterke kjensler som ovrar seg når slikt skal skje. Ei blanding av motstridande interesser og avundsjuke er ikkje ukjende fenomen korkje i by eller på land, og få eller ingen har lyst til å missa goder som ein gjerne har stridd seg til. 

Difor vart samanslåinga i 1951 ein bitter pille for mange, då dei to selskapa det gjekk ut over meir eller mindre hadde konkurrert med kvarandre gjennom nærare 56 år. Det gjekk mange år før det personlege pronomen vi vart brukt. Det gjekk helst på oss og dei, og vi kan vel i dag slå fast at det var ei svært vanskeleg oppgåve den fyrste administrerande direktøren, Hans A. Trovik, fekk. 

Men livet gjekk sin gang. Gamle slutta, og nye tok til. Så etter ein del år gleid alt roleg og fint, noko som den diplomatiske og smilanda direktør Oddvar Johannessen må ha ei stor ære for.


M/F Masfjord

Frå 1. januar 1964 kom så den store heradsreguleringa, der dei små herada vart slegne saman til storkommunar. 

Denne samanslåinga reiv mange fordomar bort. Dei små einingane vart brått store. 

Dei gamle bygdelistene ved val av heradstyre fall bort, og politiske lister vart innførde. 

Utkantane vart endå meir utkantar enn før, og det som tidlegare hadde vore sentrale luter i eit herad, måtte no nøya seg med å verta utkant i ein storkommune. 

Tek vi til eksempel Radøy føre oss, fann du hereda Sæbø, Manger og Hordabø. Dessutan kom Lindås og Austrheim inn i nordaust, og Alversund i sør. I dag er heile Radøy ein storkommune, unnateke den luten som høyrde til Alversund. Han høyrer no til Lindås. 

På Osterøy såg det noko liknande ut. Der fann vi herada Hosanger, Hamre, Haus og Bruvik. Både Hamre og Hosanger nådde nord om Osterfjorden, og dei delane som låg der vart lema inn i Lindås, medan Flatøy gjekk til Meland. Derimot høyrer strekkja Grøttå - Kaldestad - Gammersvik til Vaksdal, elles er heile øya no ein storkommune. 

Det var difor ei naturleg utvikling då dei to selskapa, A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag og Indre Nordhordland Dampbåtlag, vart slegne saman til eitt selskap den 1. januar 1974, og selskapet fekk namnet A/S Bergen-Nordhordland Rutelag. 


R 1111

Dessutan skjedde samanslåinga i ei økonomisk oppgangstid, og alt låg vel til rette for eit godt og gjevande samarbeid. 

Vi merka få av dei indre rivingar vi hadde vore ute for tidlegare. Både styret og administrasjonen gjekk frå fyrste dag inn for at det var eitt selskap, og Thorolf Thunestvedt som alt var direktør i det største av selskapa vart administrerande direktør, medan disponent Hans H. Karlsen i det minste, vart soussjef. 

Alt frå den fyrste ungdomen av hadde desse to arbeidd saman i Fylkesbaatane, så noko riving mellom dei vart det ikkje. Ulike i veremåte utfylte dei kvarandre, og dette hadde truleg mykje å seia for at samarbeidet var så godt ned gjennom rekkjene. 

Alt fyrste året (1974) gjekk ordføraren i rådet, Nils R. Sæbø, av etter 20 års samanhengjande teneste. Han hadde då fylt 70 år, og kunne ikkje veljast på ny. Bonde Mons R. Mjelde, Haus, vart ny ordførar. 

I 1975 fall den gamle ordninga med råd bort. Frå då av vart det vald bedriftsforsamling, der 1/3 kom frå dei tilsette. Den 1. juli same året vart ferjeruta Breistein- Valestrandfossen overteken av selskapet (BNR), og ut på hausten vart vegen mellom Bysheim og Lonevåg opna. 

Den 1. juni 1976 vart rutebiltrafikken mellom Bergen og Arna overleten til Åsane Billag og Bergen-Hardanger. I juli vart vegtunellen mellom Eksingedalen og Modalen opna, og selskapet la ned dei siste båtrutene på Sør- og Osterfjorden etter 85 års drift. 
Den 15.oktober tok selskapet i mot den fyrste storferja med plass til 90 bilar, og gav henne namnet «Nordhordland». Ferja som på førehand bar dette namnet, vart omdøypt til «Meland». 

I april 1977 vart det nye verkstad- og kontorbygget i Lonevåg teke i bruk, og om hausten vart Flatøy knytt saman med Holsenøy med bru over Krossnessundet. 

I 1978 vart brua mellom Fosenøy og Njøten opna, og seinhaustes vart det sett inn ferje mellom Rossnes og Gråvik. 

Sumaren 1979 fekk selskapet den fyrste snøggbåten som vart kalla «Manger», og om hausten kom den andre storferja med plass til 70 bilar, og ho vart kalla «Seimstrand». 

Året 1980 vart selskapet sitt jubileumsår. Alt tidleg på året kom 50-bilsferja «Bruvik», og den 15. mai vart 100-års dagen høgtida. Denne storfesten måtte delast over to dagar, slik at alle tenestefolka med ektemakar fekk vera med. 

I juli vart både Masfjordvegen og Romarheimsvegen opna for trafikk, og seinhaustes vart ferjeruta mellom Leirvåg - Sløvåg og Gråvik opna. 1980 var såleis på mange måtar også eit jubelår. Årsmeldinga syner elles at selskapet dette året nådde det høgste talet med tilsette tenestefolk. 524 personar hadde arbeidet sitt i selskapet ved utgangen av året. Då er ekspeditørane i distriktet ikkje teke med. 
I 1981 fekk selskapet sin andre snøggbåt - «Lygra» - med plass til 292 passasjerar. Servicestasjonen på Frekhaug vart teken i bruk, og selskapet fekk «Sjåbjørnplaketten» frå Ruteskibenes Rederiforening for arbeidet med å heva ruteskipsordninga sin kvalitet og omdømme. 

Same året takka styreformann Knut Magnus av etter 29 års formannstid, og h.r. adv. Alfred G. Kvamme vart vald til ny formann. 

Året 1982 vart eit svartare år med nedskjering av tilskot frå styresmaktene, reduserte rutetilbod, og arbeidsstyrken gjekk ned til 489 personar. For å bøta på vanskane, og for å seia færrast mogeleg opp, gjekk selskapet saman med Grieg Travel og Jan H. Sunde og skipa produksjonsselskapet Runway-Norway A/S. I dette selskapet hadde BNR 50 % av aksjane. 
Fem nye og tidhøvelege bussar vart innkjøpte, alle av særs høg standard. 

Den 1. april same året vart brua over Hagelsundet opna, og heile Meland kommune vart med dette knytt saman med fastlandet. 

11. desember vart den rettelege storferja «Alversund» overlevert til selskapet frå Trønderverftet A/S i Trondheim. Med plass til 140 bilar og 650 passasjerar ruva den godt både i storleik og drektigheit. 

----------------------------------------------------------------------- 
Denne artikkelen stod å lese i BNR-NYTT nr. 4 - 1983. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal