Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

 
Langt attende i forrige århundre vart det teke i bruk eit så og seia nytt ord - Utkant-Noreg. Den sterke sentraliseringa etter krigen auka i rask fart. I denne artikkelen kan du lese Leidulv Hundvin sitt tilbakeblikk på samferdsla i Nordhordland fram mot slutten av 1970-talet. 

Leidulv Hundvin, bladstyrar for BNR-NYTT i mange, mange år, skreiv artikkelen nedanfor i bladet som selskapet gav ut i oktober 1978. Då dette året var til ende stod det att mykje arbeid for å få nye og bedre vegar i Nordhordland. Leidulv tek i artikkelen for seg bygder som endå ikkje hadde fått veg. 
Om samferdsla dei neste tjue åra fram mot tusenårsskifte -får bli ei anna historie. (red). 

---------------------------------------------------------
 
Utkant-Noreg
Forfatter: Leidulv Hundvin
 Publiseringsdato: 11.08.2002

For ein del år attende vart det teke i bruk eit så og seia nytt ord - utkant Noreg. Den sterke sentralisering hadde etter krigen auka med rivande hast, og bygdene våre gjekk gjennom ei «strukturendring» eller «strukturrasjonalisering», som det så vakkert heiter på eit folkeleg norsk mål. 

Det som i røynda skjedde var ei nedlegging av små ulønsame gardsbruk, og at ungdomen reiste frå gardane og gardsarbeidet og inn til byane og andre industristader. Maskinalderen slo gjennom på bygdene - fyrst på dei større gardar, seinare også på dei mindre. Det vart slutt med å ha «dreng» eller «taus» på garden, og busetnaden i dei typiske jordbruksdistrikta svann inn. 

I større bygder merka ein ikkje så mykje til dette, men på mindre stader tørka heile bygdesamfunn inn. Ruteferdsla på sjøen - som hadde vore livsnerven på Vestlandet og store luter av landet elles - tok til å gå over frå sjø til land. Og dei som då ikkje hadde vegar vart med ein gong utkantstrok. Dei vart til bry og vanskar både for styresmaktene og dei som skulle utføra samferdsla. 

I denne omleggingstida fekk Hordaland ein tingmann som kjende godt tilhøva ute i bygdene. Det var den folkekjære Knut Ytre-Arne, og han vart ein god talsmann for utkant-Noreg. Det var varme i røysta når han kom inn på hjarteemnet sitt, og dette tala han om både i foredrag, kåseri og frå landet sin fremste talarstol. Men røysta hans tagna, og dei vart få som bar hjartesaka hans vidare. Ingen kunne på nåme nær bera henne vidare og tala slik han sjølv hadde gjord det. 

Distriktet vårt har også sine utkantstrok. 
Sjølv om ruteselskapet har gjort sitt aller beste for å imøtekoma dei samferdselsmessige krava deira, har ikkje alltid dette lukkast i fullt mon. 

Båtferdsla i Nordhordland skriv seg like attende til året 1866, då den vesle båten «Arne» vart sett i rute mellom Bergen og Masfjorden. Det var fabrikkeigar Jebsen i Arna som åtte båten, og det var ikkje turvande med daglege rutesamband mellom Bergen og Arna den gongen. Difor vart båten sett i rute på Masfjorden ein tur i veka, og frå 1869 - då Jebsen også fekk båten «Natalia» - vart ruta utvida til to turar i veka. 

Seinare - i 1870 - vart det båten «Voss» som sytte for ruteferdsla, og frå 1873 - 79 var det d/s «Helena», eigd av kjøpmann Næsgård i Bergen. 

I 1879 vart Ytre Nordhordlands Dampskibsselskab skipa. Det var kjøpmann Jæger i Bergen og distriktslækjar Collet i Lindås som stod for opptaket til dette selskapet. 


D/S Nordhordland. 

 
Lindaas - Masfjorden Dampskipsselskap sin fyrste båt 1880 - 1908. D/S Aalesund - bygd ved Trondhjems Mek. Værksted i 1973. Båten vart kjøpt av Lindaas - Masfjorden Dampskipsselskap i 1880, og fekk namnet Nordhordland. Tonnasje: 86 br. reg. tonn. Seld i 1908 til Svolvær. Bilde: Bergens Sjøfartsmuseum. 
Men i året 1880 skjedde det verkeleg store: Då vart Lindås-Masfjordens Dampskipsselskap skipa, av folket og for folket. Etter eit par innleiande møte på etterjulsvinteren og våren dette året, vart det den 31. mars halde konstituerande generalforsamling i Bergen. Det vart gjort vedtak om å kjøpa inn ein dampbåt, og dette blei den 6 år gamle båten «Aalesund». Han var bygd i Trondheim og kosta ved innkjøpet kr. 30.000,-. og vart i 1884 døypt om til å heita «Nordhordland». 

Vi skal ikkje her koma meir inn på laget si soge, men berre minna om at det er mindre enn to år til vi kan høgtida 100 års dagen. Men sidan vi skriv året 1978, må vi nemna at dei fyrste bilrutene vart sette i drift i 1928, altså for 50 år sidan. Vi ser då bort frå eit par private bilar eller ruter som hadde køyrt i nokre år. 

Men attende til utgangspunktet. Den sterke omlegging av ruteferdsla frå midten av 50 åra og utover, har gjort dei gamle rutebåtane og båttrafikken avleggs. No er det bilar og ferjer som stort sett syter for rutetenesta. Og i sanning: Jamen har vegnettet i Nordhordland endra seg dei siste 10 åra. 

I august 1971 vart storparten av Austrheim kommune knytt saman med fastlandet med bruene over Bakkastraumen, Kjelstraumen og Renningane. 

Utbygginga av Mongstad - som tok til i 1972 - gav ny veg så og seia frå Knarvik til Fonnes. Året 1972 vart også eit merkeår for den gamle kongsstaden Lygra. Då vart øya knytt saman med fastlandet med fylling av Toftingsundet. 

I 1973 vart Mundalstunnellen opna, og den fyrste luten av vegen til Vikanes var ein røyndom. Same året - hausten 1973 - vart ferjekaien på Fedje teken i bruk. No fyrst fekk ein til fullnad dra nytte av den prektige ferja som alt var komen i 1970. 

I 1975 var den lange Geitreimstunnellen ferdig, og same hausten vart vegen Lonevåg - Bysheim opna for offentleg trafikk. 

I 1976 var turen komen til Modalen. Ein lang tunnell knytta Modalen saman med Eksingedalen, og båt- og ferjefritt samband med Bergen. Men vi miste dei, både Modalen og Eksingedalen. Etter at båtferdsla på Sør- og Osterfjorden hadde gått ubroten frå 1891, var ho no slutt. Men det er slik her i verda: Eit gode for ein, skaper gjerne tap og vanskar for andre. Eit nytt utkantstrok vart skapt, og denne gongen var det Nøttveit, Mostraum og Langedalen det gjekk ut over. Sjølv om dei fekk sine lokale ruter, er ikkje det på nåme nær den same pusten frå utverda som det dei direkte rutebåtane gav. 

Eit anna utkanstrok er Austfjordgrend. Her ligg gardane Skår, Dyrdal, Andås og Stall. Tidlegare gjekk rutebåten dit, men sidan båtruta på Austfjorden vart nedlagd har dei berre hatt lokale rutesamband. Dei har alltid meir eller mindre vore ein utkant, og mest å rekna som eit lukka samfunn. Gardane ligg ikkje langt frå kvarandre, men dei er ikkje samanbundne med veg. Skulle ein frå den eine garden til den andre måtte ein i båt eller kliva i urder og villmark. 
Men eit sterkt folk har vakse opp her, og gardane dei bur på er gamle. Dei har truleg vore oppdyrka alt før Svartedauen, og var i mange år øydegardar. No ljosnar det også for desse, eller i alle høve for eit par av dei. 

Andås - som har eitt bruk og er ein særs triveleg stad - får vegsamband med Vikanesvegen. Ein stad måtte anleggsmaterialet til den store Eikefettunnellen setjast i land, og ingenting var då betre enn at lendinga vart på Andås. Dei fekk seg kai, og god veg fram til tunnellinnslaget. Så om godt og vel eit års tid er dei inne på fast vegsamband både med Lindås og Masfjorden, og isolasjonen er broten. Garden Stall tok saka i eiga hand, og dei held no på og byggjer veg fram til Andås. Det er eit hardt lende å byggja i, så både fysisk og økonomisk er dette eit stridt tak å ta. Men dei ser fram til vegutløysinga, og dei liver seg ikkje. 

Men kva så med dei gardane som er att? Både Dyrdal og Skår er enno utan lovnad om veg. Men dei vonar og ventar. Dersom Austfjordlina ein gong vil koma, får dei også vegutløysing. Og det er dei vel verde. Det kan nok vera romantisk å koma på vitjing til ein einbølt gard utan veg, men få eller ingen kan likevel tenkja seg å flytta dit for å busetja seg. 

Ein må vera oppvaksen på staden for å kunna trivast og finna seg til rette. Men kjem Austfjordlina vil også Kikallen få veg. Denne garden er no fråflytt, men det er utruleg at det har butt folk der til berre for nokre få år sidan. 

Vi har ingenting skrive om Masfjorden, for der er Masfjordvegen snart ein røyndom. Det har ikkje gått så snøgt som ein hadde vona, for økonomisk svikt og vanskar har gjort at vegen vert noko seinka. Men han kjem, og eit vakkert lende er det som då opnar seg for den reisande. 

Vi vil retta ei takk til utkantstroka våre - og til utkant-Noreg. Takk for tolmod og små krav, og takk for at de som bur der har halde ut. Det ville verta eit fattigare og armare land vi fekk dersom alle flytta til dei sentrale stader, og utkantane vart avfolka. Økonomisk ville det gjerne ikkje verta fattigare, men kulturelt og nasjonalt ville det bli armt. 

For gleda og trivnad kan ikkje kjøpast for pengar, og lukka er ikkje alltid størst i dei fine heimar eller del regulerte strok. 
Lukka er der du finn deg til rette og kan gleda deg saman med dine, og trivast. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal