Attraksjonar i Bjerkreim kommune
Gloppedalsura
Kløgetvedtunet
MK Ørsdølen
MK Ørsdølen - siste båten som gjekk
i organisert rutetrafikk på innsjø i Rogaland. Båten
går frå Odlandstø kvar sundag kl. 11 frå midten
av juni og ut august.
Flott tur i naturskjøne områder. Leige utanom
rutetidene, kontakt tlf. 958 23 015.
Gardsmuseet i Austrumdal
Kornløe frå 1600-talet - stor samling av
gamle reiskapar og gamalt inventar frå garden. Ope etter avtale med
eigar på tlf. 51 45 85 80/945 72 875.
Ørsdalen Gruver og gruvemuseum
I 1901 fant ein Molybden, og seinare Wolfram i Ørsdalen.
Ein av dei gamle gruvesjaktene er open for publikum. I samanheng med gruvene
er det eit lite gruvemuseum, med utstilling av bilete og mineralar. Museet
er ope etter avtale, ta kontakt med kommunen.
FN-parken
V/Vikeså Veiservice, langs E-39. Minnesmerke over
soldatar frå Rogaland som har falt i FN-teneste.
Fornminnefelt
Unike restar frå folkevandringstida. Like ved E-39,
lett tilgjengeleg frå rasteplassen på Storrsheia.
Kjelde: www.Bjerkreim.kommune.no |