Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Haugesund
Attraksjonar
 

 

  
Ola Flytt
Tekst og foto: Scandion

Mange hundre menneske var møtt fram på Ballastkaia på Risøy då statua av Ola Flytt blei avduka laurdag 3. juni 2000, skreiv Haugesund Avis. Statua er laga av Etne-kunstnaren Arne Meland og reist av "Ongane på Risøynå" med støtte av Haugaland Kraft, Haugesund Sparebank, Knutsen O.A.S. Shipping A/S, Kyvik & Co A/S, Østensjø Rederi A/S og andre.

Ola Johannesen Dagsland blei kalla "Ola Flytt" fordi han rodde som fløttmann mellom Risøen og fastlandet i 30 år. Han slutta i denne posten den 1. oktober 1906. Ola var født i 1832 og døydde 3. juni 1926, 94 år gamal.

Risøyferja
4. februar 1915 blei Risøyferga levert frå Rossebø Mek. verkstad. Ferja tok 30 passajerar og blei sett inn i rutefart i Smedasundet mellom Risøen og fastlandet som eit prøveprosjekt. Haugesund Avis skreiv at tanken var å få ei ferje til slik at at robåtane kunne bli avløyst i Risøfarten.

Den andre Risøyferja gjekk prøveturen sin den 27. april 1918. Ferjeskroget, som var laga i Rosendal, ga plass til 87 passasjerar, skreiv Haugesund Avis dagen etter. Ferja hadde innelukka styrehus. Ein 9 hk "Aktiv" petroleumsmotor stod for framdrifta. Prisen for den nye ferja var 18.000 kroner.
 
 
Fakta om den første Risøyferja
Lengde: 32 fot
Breidde: 9 fot
Segldukstak som ly for ver og vind
Motor: "Aktiv" 6 hk med 2 propellar levert frå Møllerveiens Mek. Verksted.
Passasjertal: 30
Drift: 18 timar i døgeret med 2 skift.
 
På grunn av oljemangel under 1. verdskrig, måtte både den nye og den gamle ferja gå i "opplag" frå juni 1918. Det førde til at kommunen måtte skaffe tre nye robåtar for å frakte folk over sundet.
 

Foto: Scandion.
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no