Noregs
Riksmonument
Tekst og foto: Scandion
Publiseringsdato: 30.01.2005
Tanken om å reise eit nasjonalmonument som minne
over Harald Hårfagre kom opp i slutten av 1860-åra, og fekk
tilslutning frå heile landet. Til 1000-års festen for Noregs
samling 18. juli 1872, stod monumentet ferdig på Haraldshaugen ved
Haugesund. Monumentet vart høgtideleg innvigd av arveprins
Oscar, den seinare kong Oscar II.
Monumentet skal symbolisere samlingsverket og riksenheten.
Den 17 m høge granittobelisken som reiser seg på den 5 m høge
jordhaugen er riksenheten. Rundt haugen står 29 fylkessteinar (8
fot høge) frå dei 29 gamle norske fylka. Det er landsdelane
som slår ring om riket.
På steinane er det innhogd dei gamle norske fylkesnamna
og steinane er kosta av dei tilsvarande byer og landdistrikt, der dei også
er henta frå.
Harald Hårfagre var vestlandskongen som samla Norge
til eit rike etter å ha bekjempa fleire småkongar i slaget
ved Hafrsfjord i 872. Etter dette slaget la han hovedgarden sin på
Avaldsnes. Ny forskning seier at Harald også hadde ættejord
på Avaldsnes før han gjorde staden til Norges eldste kongesete.
Alle Haralds kongsgardar låg i Rogaland og Hordaland. Andre områder
i landet vart styrt av jarlar på Haralds vegne. Haralds mor var Ragnhild,
dotter av sognekongen Harald Gullskjegg.
Sagaen fortel at Harald var ein uvanleg vakker mann, sterk
og stor og gavmild på gull, venesæl og høgt elska av
folket. Han hadde mange koner og born, mellom dei var Gyda kongsdotter
frå Hordaland og prinsesse Ragnhild frå Danmark.
Harald
samla seg store rikdommar på vikingferder over Nordsjøen.
Han hadde nære kontakter med den engelske kong Adalstein som og var
fosterfar til Haralds yngste son, Håkon. Sjølv held Harald
mest av sonen Eirik Blodøks. Før Harald døydde, førte
han Eirik Blodøks til høgsetet og gjorde han til overkonge.
Harald døydde ca 930 e. kr. og vart gravlagt "på Haug ved
Karmsund".
Namnet Hårfagre fekk kongen fordi han svor på
å ikkje klyppe håret før han var konge over heile Nordvegen
(Norge). Ti år brukte Harald Hårfagre på å slå
ned andre småkongar, før han etter slaget i Hafrsfjord i 872
e. kr. gjorde Avaldsnes til sitt kongesete.
Det er Snorre Sturlason som har gjeve opplysningen om
kvar Harald Hårfagre vart hauglagt. At Harald døydde sottedød
i Rogaland (kongsgarden på Avaldsnes) og vart hauglagt ved Karmsundet.
"Ved Haugesundet står det en kirke", heiter det
i Harald Hårfagres saga. Vestanfor kyrkja ligg kong Haralds leiestein,
den som låg over hans leie i haugen.
Snorre må sjølv ha vore og undersøkt
staden då han var i Norge i 1217. Den kyrkja Snorre då må
ha sett, låg på den plassen Haraldshaugen vart reist i 1872.
Kyrkja var ei lita steinkyrkje som kom i forfall i slutten av middelalderen,
men restane av murane var synlege heilt til 1872.
Håkon
den Gode
Etter Haralds død blei det kamp mellom sønene
hans om kongemakta. Håkon Adalsteinsfostre, også kalt "den
gode", kom attende frå England og utkjempa eit vilt slag på
Avaldsnes med sønene til sin eldste bror, Eirik Blodøks.
Slaget skal ha stått på det som i dag er kalla "Blodheia",
og Snorre fortel at Håkon vann. Eirik Blodøks flykta til England
og vart den siste skandinaviske konge i York.
Haugalandet - Noregs første buplass
Over heile Haugalandet finn ein spor etter mennesker gjennom
uminnelege tider. Vi veit på bakgrunn av Norges eldste og største
steinalderfunn av flintøkser, pil - og spydspissar gjort på
Fosen i Karmøy kommune, at det har budd folk ved Karmsundet i minst
10.000 år. Desse første menneska som vandra inn i Norge etter
at isen trekte seg tilbake for 12.000 år sidan, kom sannsynlegvis
frå Nordsjøfastlandet som no er sunke i havet. Gjennom årtusen
har Haugalandet hatt nokre av Norges mektigaste jordherrar, høvdingar
og kongar. Det er spor etter dei over alt i landskapet; helleristningar,
gravhaugar, bygdeborger, bautaer, steinkors og kyrkjer.
Krossen
på Krosshaugen
Omlag 75 m sør for Haraldshaugen ligg Krosshaugen
der det står eit steinkors frå den første kristne tida
i Norge (omkring år 1000). Staden har vore tingplass og krossen er
kanskje eit minne om at bøndene på tinget tok den kristne
tru.
Foto : Scandion |