Utstein
kloster
Tekst og foto: Scandion.
Utstein kloster er landets einaste bevarte middelalder
- kloster og ligg på Klosterøy nordvest på Mosterøy
ved skipsleia mellom Stavanger og Karmsund. 2500 mål freda kulturlandskap
vitnar om århundrer med storgardsdrift. Den lettdrivne jorda og store
vidder med beitemark gjorde øya til ein god stad for ei høvdingeætt.
Klostervågen var langt fram på 1800-talet
ei trygg hamn for seglskip før dei sette kursen over Boknafjorden
eller til havs.
I bakkehellet mot vågen låg det i tidleg middelalder
ein storgard. Den som hadde makta her hadde ikkje berre kontroll over skipsleia,
men også over innseglinga til dei vidt forgreina Ryfylkefjordane.
Første gong Utstein er nevnt som kongsgard i historiske
kjelder er i Torbjørn Hornkloves dikt om slaget i Hafrsfjord like
før år 900 - fortalt av Snorre i Harald Hårfagres saga.
Haraldskvædi fortel at Harald sat på Utstein som "austmennenes
herre" - allvaldi austmanna.
Utstein kloster blei bygd frå 1260-åra, men
truleg er nokre bygningsdelar eldre og skriv seg frå eit tidlegare
kongsgardsanlegg. Kyrkja er eineståande i sitt slag i Noreg, med
tårnet plassert midt mellom kor og skip.
Dette skjedde en gang i kong Magnus Lagabøters
regjeringstid, 1263-1280. Kjeldene gir ikkje grunnlag for nærare
datering, - men Magnus fekk Ryggjafylke som len i 1257 og oppheld seg i
Stavanger i åra 1260 - 1263. I mars 1264 fekk han kjennskap til farens
død på Orknøyane og slo seg ned på kongsgarden
i Bergen som einekonge. Han hadde ikkje lenger bruk for ein residens i
Stavanger eller ein kongsgard på Ulstein, og begge gardane kan han
då ha gitt til kyrkja.
Munkane
som held til her tilhøyrde augustinarordenen og kom truleg frå
Olavsklosteret i Stavanger då det vart lagt ned. Dei tok over Olavsklosteret
sine eigedommar, og godset auka i tillegg etter kvart. Det gav nok inntekt
til å brødfø 250 personar årleg.
Klosteret i Stavanger var truleg eit benediktinerkloster
knytta til det nyoppretta bispesetet, medan Utstein kloster var under augustinerordenen
og via til St. Laurentius. Det kan forklarast ved at det i England, tidleg
på 1100-talet, vart stifta mange benediktinerklostre som blei knytta
til bispeseta, og overgangen frå benediktiner- til augustinerordenen
var etter 1250 eit europeisk fenomen.
Munkane, på det meste 20 - 30 i talet, var underlagt
ein streng disiplin med regelmessig bøn, skriftlesing og messer.
Eit stort tal tenestefolk tok seg av bl.a. gardsstell, bygningsarbeid og
matlaging.
Nedgangen for klosteret tok til då svartedauden
gjorde eit stort innhogg i folketalet - og inntekt og arbeidkraft
forsvann. Tidleg på 1500-talet førte strid mellom Stavanger-biskopen
og abbeden ved klosteret til væpna kamp der klosteret vart røva
og påtent.
Mange kloster blei lagt ned før reformasjonen,
som offisielt var gjennomført i Noreg i 1536 - 37. Utstein kloster
vart lagt ned i 1537.
Etter reformasjonen stod klosteret ubrukt i lengre periodar
og bygningane forfall. Christopher Garmann, som flytta hit i 1750, sette
anlegget i stand med til dels store endringar. Klosterbygningane var våningshus
for garden fram til tidleg på 1930-talet.
Omkring
1900 blei kyrkja sitt kor og tårn restaurert. Resten av anlegget
blei sett i stand i 1950- og 60-åra - etter at Fortidsforeningens
Stavangeravdeling tok over administrasjonen av eigedomen. Taket var då
så falleferdig at noko måtte gjerast straks.
I 1953 trådte "Stiftelsen Utstein Kloster" i funksjon
- og formålet var "å gjenreise og forvalte Utstein kloster
som nasjonalt minnesmerke og ordne med dets fremtidige bruk".
Utstein klosteret er no museum, kurs- og konferansestad,
men og brukt som selskapslokale og til konsertar. Store delar av anlegget
er tilgjengeleg for publikum i museets opningstider.
Utstein kulturmiljø blei freda ved kgl. res. 19.
desember 1999 og omfattar heile Klosterøy, Klostervågen, Fjøløysundet
og nordre del av Fjøløy, i alt 2500 da. I dette området
finn ein spor etter menneske langt attende - i form av buplassar, fornminner,
rydningsrøyser, hustuftar og steingardar.
Kjelder:
Jan Hendrich Lexow : Utstein kloster etter reformasjonen.
Stiftinga Ulstein kloster og div. andre kjelder. |