Lille Presteskjær fyrstasjon
Tekst: Scandion (04.01.09)
I Rekefjord, rett sør for Hauge, ligg Lille Presteskjær
fyr - eit innseglingsfyr som blei oppretta i 1895. Fyret - 20,8 m høgt
og av støypejarn, er automatisert og blei avfolka i 1973. Eigar
er Staten v/ Kystverket.
I 60 år gjekk jobben som fyrvoktar på Lille
Presteskjær i arv frå far til son gjennom tre generasjonar.
Fyrvoktaren heitte då Gjertsen, og fyrfamilien levde sitt liv i tårnet.
Reserveassistenten budde i øverste etasje, og så var det soverom
i to etasjer ned. Stova var under der igjen, og i første etasjen
var kjøkkenet. Eit besøk på Lille Presteskjær
gir eit godt inntrykk av korleis livet i eit fyrtårn har vore.
I over 28 år stod fyret tomt, inntil familien Midtbø
fekk i stand ein leigekontrakt av staten og begynte oppussingsarbeidet.
Lille Presteskjær manglar i dag den karakteristiske toppen. Då
fyret blei automatisert blei lyktehuset kasta på sjøen, men
sjølve fyrlykta blei plassert på Sjøfartsmuseet. Familien
Midtbø jobbar med å få lyktehuset på plass for
at fyret skal få tilbake sin opprinnelege utsjånad. Fyret tok
i mot sine første gjestar i 2004 og ønsker stadig fleire
turistar velkomen.
Lille Presteskjær fyr kan besøkast på
opne dagar i løpet av sommaren. Du kan også leige fyret for
å bu eller arrangere private selskap.
Fyret er ikkje freda.
Kjelde: www.fyr.no |