Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sokndal
Lokalhistorie
 

 

     
"Altmark"-saka
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.08.2007

"Altmark" var hjelpefartøy for det tyske lommeslagskip "Admiral Graf Spee" under den andre verdskrig. Skipet kom den 14. februar inn på norsk sjøterritorium, og blei oppdaga av eit britiske fly. 

Den 16. februar søkte "Altmark" tilflukt i Jøssingfjorden då fartøyet blei forfulgt av ein britisk jagarstyrke med "Cossack" som leiarskip. Samme kveld kl. 23.00 gjekk "Cossack" inn i Jøssingfjorden, trass protest frå to norske torpedobåtar, som hadde lagt seg til i fjordgapet. 

"Cossack" borda "Altmark", befridde 300 britiske krigsfangar som var ombord, og stakk så til sjøs igjen. Under den korte kampen mista seks tyske soldatar livet og fleire blei såra. 

Den norske regjeringa sendte protestar til den britiske regjeringa, men fekk anklagar tilbake om manglande nøytralitet både frå Tyskland og England. 

Den tyske regjering hevda at Noreg hadde forsømt sine pliktar som nøytral og brukte seinare "Altmark"-saka for å begrunne sitt angrep på Noreg den 9. april 1940. 


Minnestøtte i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 


Minnestøtte i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal