Sokndal
kyrkje
Tekst og foto: Scandion (30.12.08)
Sokndal kyrkje ligg i kommunesenteret Hauge i Dalane og
vart vigsla 8. juli 1807. Kyrkja vart bygd i 1803 og teken i bruk same
året - sjølv om ho ikkje var heilt ferdig. Arkitekt og byggmeister
for kyrkja, som har 600 plassar, er ukjent.
Kyrkja har vore restaurert fleire gonger og funn har vist
at tidlegare kyrkjer låg på same grunn. Den siste var òg
av tømmer, innvendig brunmalt med kvite girlander - og både
takbord og tømmer frå den kyrkja er brukt i den nye.
Kyrkja har korsform og bygd i Louis XVI stil med galleri
rundt nesten heile kyrkjerommet. Fine rosemalinger (rokokko) på galleri
gir eit harmonisk og vakkert interiøret. Tårnet har vore ombygd
fleire gonger. Det første tårnet var ein takryttar med spir
forma som løkkuppel.
Historia til Sokndal kyrkje fortel at heile interiøret
blei kvitmalt i 1868. 60 år seinare, i 1928, fekk kyrkja ei større
restaurering, og då blei bl.a. kvitmalinga frå 1868 fjerna
slik at kyrkja i dag har fått igjen sitt vakre interiør og
fine fargar. På 1950-60 talet blei det montert nye benker og nye
trapper opp til orgelgalleriet. Tårnet har vore endra på fleire
gonger. Altersølvet er frå 1620-åra, og i dag har kyrkja
kalk, disk og oblatøskje.
I kyrkja heng to maleri. I søndre tverrskip heng
”Lasarus’ oppvekkelse”. Bildet må være malt av Gottfried Hendtzschel.
I nordre tverrskip heng ”Jesu omskjærelse”. Dette er truleg ein kopi
frå eit maleri av italienaren Perugini.
Kyrkja har to gamle og verdfulle messehagler i fløyel.
Ein frå 1600-talet og ein frå ca. 1700. Ingen av dei er i dagleg
bruk. Eit eksemplar av Kristian IV’s bibel ligg også i kyrkja, og
likedan ein bibel som var i bruk i Blåfjell gruver.
Skipet som heng i kyrkja, skal være laga av Nils
Hanson Elle i 1662. Lysekruna over alteret er eit tysk arbeid frå
1724. Den andre lysekruna er frå ca. 1900.
Kongen feira 200 år
Sokndølane er svært stolte over kyrkja si
som er ei av dei finaste korskyrkjene i landet.
Søndag 17. august 2003 blei Sokndal kyrkje sine
200 år feira med kongebesøk og festgudsteneste.
Kjelde:
Sokndal menighetsråd
Sokndal kommune
|