Norsk
Oljemuseum
Tekst og foto: Scandion
(24.07.09)
Den norske oljehistoria starta midt på 1960-talet,
og tanken om å etablere eit oljemuseum i Stavanger blei lansert så
tidleg som i 1974, lenge før nokon såg for seg den enorme
betydning oljeverksemda skulle komme til å få for det norske
samfunnet.
Stiftinga Norsk Oljemuseum blei etablert i 1980, og etter
den tid er det samla inn gjenstander, film, foto og anna materiale som
dokumenterer norsk olje- og gassverksemd.
I 1992 vart det halde ein nasjonal arkitektkonkurrane,
der 48 bidrag konkurrerte om Norsk Oljemuseum. Vinnaren vart Lunde &
Løvseth Arkitekter AS.
I 1996 var prosjektet fullfinansiert. Staten bidrog
med 60 millionar kroner, Rogaland fylke med 10 millionar og Stavanger kommune
med 20 millionar kroner og tomt. 75 millionar kroner blei samla inn blant
private sponsorar.
Byggjearbeidet på det ca 5000 kvadratmeter store
museet i stein, glass og betong starta i juni 1997. Avanserte tekniske
løysingar måtte til for å stette ein krevande arkitektur.
I tillegg vart byggjearbeidet spesielt utfordrande grunna vanskelege tomteforhold.
22
månader seinare hadde Stavanger fått eit nytt monumentalbygg.
Hans Majestet Kong Harald V kunne foreta den offisielle opninga 20. mai
1999.
Det moderne og interaktive museet gir deg innblikk i korleis
olje og gass vart til for millionar av år sidan. Vidare blir du med
fram gjennom historia til vår tids leiteboring og produksjon av olje
og gass - som idag blir brukt til langt meir enn drivstoff og oppvarming.
Museet tar for seg teknologiutviklinga, frå dei
første plattformene som bora i Nordsjøen, via enorme stål-
og betongplattformer utvikla og bygd i Noreg, til moderne, fleksible produksjonsskip
og undervasssystem som ser ut til å bli framtidas løysing
på norsk sokkel.
Norsk Oljemuseum tar deg også med "offshore" for
å vise korleis det er å leve og arbeide i Nordsjøen.
"Verdas største borekrune". Foto: Scandion
Borekruna er av merket "Varel", veg 1700 kilo og er 90
cm i diameter.
Kruner av denne storleiken er ikkje lenger i bruk på
norsk sokkel.
|