Næringsliv
i
Aurland kommune
Foto: Scandion.
Turisme, service, transport og produksjon av elektrisk kraft
er i dag dei viktigaste næringsvegane i Aurland kommune.
Aurland Næringsutvikling AS, eigd av Aurland kommune
og Aurland Sparebank, har som mål å støtte alle eksisterande
og nye næringsverksemder i Aurland kommune, og å trekkje til
seg nye bedrifter. Støtta inneheld både gratis hjelp, rettleiing
og finansiell støtte.
Når det gjeld nyetablering, vert det særleg
satsa på kraftforedlande industri. I tillegg satsast det på
utbygging av anortositt-foredlande industri.
Aurland Næringshage vart formelt stifta som aksjeselskap
den 13. september 2007. Næringshagen held til i Fjordsenteret på
Ohnstad. Næringshagen sitt føremål er å vera utviklar
for og koordinator av samlokalisering og samarbeid mellom bedrifter i Aurlandsområdet. |