Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Balestrand
Lokalhistorie
 

 

 
Sus av natur og historie
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 17.05.2003

Til Balestrand kom dei første turistane for 150 år sidan. Dei vart oppmuntra av fjell og fjord og av suset frå den norrøne soga. Dei teikna og rapporterte det dei såg, dei formidla inntrykka sine i heimlandet og dei blei følgde av mange. Frå naturen si hand var landskapet storslått. 

Lyset, fjorden og fjella vekte dei store kjenslene hjå tidas elite. Midtre Sogn tok snøgt ein leiande posisjon i selskapet av norske fjordattraksjonar. 


NATUR OG KUNST. 
Fjordnaturen rundt Balestrand har inspirert kunstnarar fram til i dag. (Foto: FSF) 

For mange var det svensken Esaias Tegnér; poeten, professoren og biskopen; som sterkast formidla det heroiske og mytiske i Sognefjorden sin estetikk. Det store helteeposet hans, Frithiofs Saga frå 1825, lokka tusenvis til denne delen av Vestlandet. Han bygde det lyriske vikingdramaet sitt på den islandske ættesagaen Soga om Fridtjov den frøkne. Ivar Aasen omsette denne norrøne soga til nynorsk i 1858. 

1800-talets Harry Potter 
Men lenge innan den tid hadde Torstein og Fridtjov frå Vangsnes og Kong Bele og Ingebjørg frå Balestrand og Systrond stige fram som litterære skikkelsar i det store utland. Tegnér sitt verk var på mange vis det tidlege 1800-talets Harry Potter, på plass i alle pene heimar på Kontinentet og i Sverige. 


Kvikne Hotell i Balestrand (Foto: Scandion) 

Men hit kom også dei store nasjonal - romantikarane, dei som uttrykte seg i farge på lerretet, dei som kom hit for å ta ned skisser til dei store målarstykka i olje. Flintoe, Fearnley, Gude, Dahl og Tiedemand, og mange etter dei, la vegen om Sogn år etter år frå 1819 og utetter. Gjennom kunsten deira tok den nye nasjonens identitet form. 

Den norrøne arven 
I dag taler oldtida og seinare tider til oss gjennom bautasteinar og gravhaugar og kyrkjer frå mellomalderen. Drakekjeften frå taket på den gamle villaen i Balestrand er barn av 1800-talet si nyvekte kjensle for det norrøne, det som ute i Europa blei oppfatta som den gamle fellesnordiske sivilisasjonen. 

Den tyske keisaren ved førre hundreårsskiftet, Wilhelm II, gjorde sitt til å gjera udøyeleg sogesusen i Sogn. Keisaren gjorde det gjennom å reisa den kolossale bronsestatua av Fridtjov på Vangsnes, og den litt mindre og ikkje like kjende skulpturen av kong Bele i Balestrand. 

I Leikanger finn vi sagaens Baldershagen, som mest truleg har vore ein viktig oldtidsarena. Midt i den frodige hagen, i det som i dag heiter Husabø, tronar landets høgaste førhistoriske bauta, nesten åtte meter frå marka og opp og innpå to meter ned i grunnen. 

Turistane søkjer det same i dag som for 100 år sidan. Dei ynskjer stilla og roen og den urørde naturen. No som den gongen øver lyset, ljorden og fjella ei kraftig draging på folk. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal