Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Balestrand
Kyrkja
St. Olafs kyrkje

 

   
St. Olafs kyrkje
(07.12.2008) Tekst og foto: Scandion
 
St. Olavs kyrkje minner utvendig om ei stavkyrkje, men er bygd av liggjande, lafta tømmer og ikkje ståande stavar.
 
Vigsla : 18. juli 1897
Arkitekt : Jens Zetlitz Kielland
Byggmeister : Anders Korsvold, Eivindvik
Altertavle frå 1897 : Emma Pastor Normann. 
Tal sitjeplassar : 95
Ideen til kyrkja : Margaret Sophia Green
 
I kyrkja er det minneplate over to amerikanske kvinner,  Gertrude Abbot og Elisabeth Winslov Peters. Dei ytte store økonomiske bidrag til bygging av kyrkja.
 
 
St. Olafs kyrkje høyrer til den anglikanske kyrkja i Noreg og vert drifta av "Vener av St. Olafs kyrkje". Balestrand sokneråd administrerer bruk av kyrkja til vigsler og nyttar kyrkja til nokre gudstenester i laupet av året. I turist-sesongen kjem anglikanske prestar (ei til to veker om gongen) frå England og har gudstenester og samlingar fleire gonger i veka på engelsk for turistar (og fastbuande). 

Biskopen av Gilbraltar, med hovudsete i London, har ansvaret for kyrkja i Balestrand. Han har ansvaret for alle kyrkjesokn utanfor Storbritannia. Under biskopen er den hovud-anglikanske presten i Noreg den næraste ansvarlege.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal