Bremanger
kyrkje
Tekst og foto: Scandion
Bremanger kyrkje (på Hauge) vart vigsla 4. september
1914 av biskop Johan W. Erichsen. Kyrkja er bygd i tre som ei langkyrkje
med 400 sitjeplassar.
Arkitekt : Entreprenør Karlsen, Eid.
Byggmeister: Jørgen Myroldhaug, Eid
Altertavla frå 1914 er av ukjend kunstnar
Kyrkjeklokke frå 1914. Laga av Olsen Nauen. Innskrift:
Ære være Gud i det Høieste.
Elektrisk varme i 1964 i samband med 50 års jubileet.
Før 1953 heitte kyrkja Bremangerpoll annekskyrkje.
Sunnfjord prosti. Bremanger kommune.
Det
kveldar på skjæret
Fiskarmomumentet "Det kveldar på skjæret",
laga av Ståle Kyllingstad, er til minne om dei mange fiskarar og
sjøfolk som har omkome på sjøen. Monumentet vart gjeve
av Bremanger fiskarkvinnelag ved 50-årsjubileet for kyrkja i 1964.
Namnet på dei omkomne, er førde inn i ei
bok i kyrkja.
Kjelde: Selja Forlag - På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane.
Minnesmerke
Ved kyrkja vart det i 1947 reist eit minnesmerke med
namn på dei som fall frå Bremanger herad i kamp for Noregs
fridom 1940-1945.
|