Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Bremanger
Kyrkja
 

 

 
Davik kyrkje
 Tekst: Scandion

Davik kyrkje er ei  langkyrkje bygd i tømmer med 500 sitjeplassar. 
Vigsla 6. juli 1886 av biskop Fredrik W. Hvoslef
Arkitekt: Georg Andreas Bull. 
Byggmeister: Gjert Lien / Jakob Lien
Altertavle: Frå 1885, måleri av A. Ohren (Orheim) og Ole M. Holmø. Motiv: Nattverden.
Orgel: Frå 1933, 15 stemmer, Vestre.
Kyrkjeklokke: Frå 1885 av Bochumer Verein Gusstahlfabr. med innskrift: Ære være Gud i det Høie.
 
Davik er ein gamal kyrkjestad, og historia fortel at det har vore kyrkjer i bygda i 680 år. Den noverande kyrkja er den tredje kyrkja sidan 1655. Preikestolen, som er frå tidleg på 1600-talet, har vore nytte i alle tre kyrkjene. Den er utskoren i hollansk stil og er ein av dei mest særmerkte preikestolar vi har frå barokken her i landet. Motiv på altertavla er henta frå innstiftinga av nattverden.

Claus Frimann har fått ei minnestøtte ved kyrkja. Den vidkjente presten virka i over 40 år som prest i Davik. 
Han overtok prestekallet sommaren 1781, 35 år gammal. Frimann vert ofte omtala som sildepresten.
 
Kjelde: Selja Forlag - På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no