Med bil under sjøen
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 03.12.2002
Største øya i Sogn og Fjordane har fått
ferjefritt vegsamband til fastlandet. 12. juli opna veganlegget som knyter
Bremangerlandet og naboøya Frøya til resten av Bremanger
kommune. Den første undersjøiske vegtunnelen i fylket er
ein viktig del av vegsambandet.
BRU OG TUNNEL.
Den nye vegen går på bru til Rugsundøy
og derfrå i undersjøisk tunnel til Bremangerlandet.
I bakgrunnen Hornelen.
Alle dei tre større øyane i Bremanger kommune
er med dette knytte saman med fastlandet. Det nye veganlegget er 8 kilometer
langt og har kosta vel 320 millionar kroner.
Det startar i Rugsund-bygda, der ei nybygd 300 meter lang
bru kryssar det smale Rugsundet og fører trafikantane over til Rugsundøya.
Her går vegen gjennom to kortare tunnelar og langsmed sørsida
av øya, før han dukkar ned i ein ny tunnel og kjem opp i
dagen att på den andre sida av Skatestraumen, på Klubben på
Bremangerlandet.
Skatestraumtunnelen er korkje spesielt lang eller spesielt
djup samanlikna med andre undersjøiske vegtunnelar. Han er 1.890
meter lang, og på det djupaste ligg han 80 meter under havflata.
Frå tunneltaket er det 40 meter fjell opp til botnen av Skatestraumen,
som ikkje er meir enn 40 meter djup her. 250 liter sjøvatn i minuttet
renn ned gjennom fjellet, men dette blir leia vekk frå vegbana, samla
i eit basseng og pumpa ut att av tunnelen.
Natur og historie
Området rundt det nye veganlegget er rikt både
på mektig natur og gammal historie. Frå Rugsundøy har
dei vegfarande orkesterplass til den veldige Hornelen, som reiser seg frå
sjøen til nær 900 meters høgde på austenden av
Bremangerlandet. Hornelen blir rekna som den høgaste sjøklippa
i Europa. Før vegarbeidet starta gjorde ein arkeologiske utgravingar
på Rugsundøya og gjorde rike steinalderfunn. Funna syner at
mykje folk budde og fann levemåten sin her ved Skatestraumen i gammal
tid.
På Gloføykje har vegvesenet laga ein flott
rasteplass med informasjon om området og panoramautsikt til Hornelen.
På Bremangerlandet, Frøya med Kalvåg
og Rugsundøy bur det nær 2.000 menneske. Dei har no fått
raskt og godt vegsamband til Rugsund og Davik-området. Men skal dei
til kommunesenteret Svelgen eller vidare sørover, må dei køyre
ein lang runde om Ålfoten.
Vegstrekninga som opna i juli er då også berre
den første delen i fastlands - sambandet for ytre Bremanger. Andre
del er ei ny vegstrekning frå Bortnen sør for Rugsund til
Langesi eller Sørdalen mellom Svelgen og Ålfoten. Denne delen
er enno ikkje vedteken og kommen på vegbudsjettet. Men når
den er bygd, vil køyretida mellom ytre Bremanger og Svelgen bli
langt kortare. Då vil ein også ha fått ein ny kystveg
mellom Florø og Måløy. Ferjesambandet Smørhamn
- Kjelkenes har knytt saman øyane og fastlandet i Bremanger i mange
år, og skal gjere det framleis fram til denne andre delen av fastlandssambandet
står ferdig. Framtidige planar har gått ut på eit nytt
ferjesamband mellom Rugsundøy og nordsida av Nordfjorden.
------------------------------------------
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 2002 |