Flora kommune
Foto: Scandion
Oppretta
som eigen kommune med namnet Kinn i 1837
Florø,
Kinn, Bru og Eikefjord samanslegne til Flora kommune i 1964
Kommunenr
: 1401 Fylke : Sogn
og Fjordane Adm.senter
: Florø
Areal
: 693 km² Folketal:
11 409 (2008) Målform
: Nynorsk
Florø
by grunnlagt ved kongelig resolusjon 16. mai 1860.
I
Flora kommune ligg Noreg sin vestlegaste by - Florø. Byen vart grunnlagt
etter kongeleg resolusjon den 16. mai 1860 og bygd opp på "havet
sitt sølv", silda, som ein finn igjen byvåpenet. Byen framstår
i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande
næringsliv i utvikling. Florø var by nr. 48 som vart grunnlagt
i Noreg. Flora kommune er fleire gonger kåra til den trivelegaste
bykommunen i landet - og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.
I 2006 fekk Flora kommune tittelen "Internasjonal Kommune"
av Kommunenes Sentralforbund og Fredskorpset. Bakgrunn for tittelen var
kommunen sitt breie internasjonale engasjement bl.a. i Nkhotakota, Malawi
og Kelme i Litauen. Under arrangementet "Der Mennesker Møtes" i
Flora Samfunnshus den 5. september fekk ordføraren overrekt prisen
av HKH Kronprins Haakon Magnus. Kronprinsessa deltok også på
arrangementet.
Sjå filmen om Flora
kommune
|