Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kulturminner
Attraksjonar

 

   
Gulen Fiskarbondemuseum
Tekst: Scandion
 
Sesongen 2009

Fiskarbondearrangement
laurdag 13. juni  frå kl. 13.00

Elevane ved Byrknes Skule og barnehage serverar mykje god mat, tillaga av sjølvfiska fisk. I tillegg vert det servert god, gamaldags kaffimat. Maten er inkludert i bill. prisen. Bill. pris denne dagen vert kr. 100,- for vaksne og kr. 25,- for born.

Færingen ligg klar på sjøen for dei som vil ro ein tur. Det vert også halde ope i hovedhuset og sjøbua, med utstillingar. Utstillinga i år er foto frå over 10 års samarbeid mellom museet og skulen. I tillegg er det salsutstilling av maleri frå Lill Nicolaysen. 

Den 13. September avslutter vi årets museumssesong med vann som tema. Vi skal bære vann og vaske klede på gamlemåten. Kanskje vi får til å hente vann frå den gamle vassbrønnen på museet. Kom og hjelp oss å vaske. Kaffi og kaker og trekning av loddboka med flotte gevinster.

Museet er elles ope kvar søndag fram til 13. Sept. frå kl. 14.00 - 17.00 med guide.

Tlf. 41 04 64 43 eller E-post: fiskarbonde@yahoo.no
--------------------------------------------------------------

Gulen Fiskarbondemuseum vart offisielt opna i 1998 og er eit fiskarbondebruk der alt er samla innanfor eit lite område i Barvågen - midt i eit levande og aktivt bygdesamfunn. Museet omfatter ei så godt som komplett samling av tradisjonelle kystbygningar, og miljøet har trekk som er svært typisk for Gulen. 

Gulen Fiskarbondemuseum finn du i idylliske Barvågen - ein liten våg på vestsida av Byrknesøy. Museet vart offisielt opna 30. mai 1998 av direktør for Kystmuséet i Sogn og Fjordane, Kristian Jansen. 

Historia fortel oss at den tradisjonelle levemåten i Ytre Gulen dei siste hundreåra har vore ein kombinasjon av fiske og jordbruk. Fiske stod mannen for - og kona var bonde. Ein fordeling av arbeid og inntekt som gjorde det levelig - ikkje berre for folk i Gulen - men slik var livet svært mange plasser langs vår langstrakte kyst. 

Museet omfatter ei så godt som komplett samling av tradisjonelle kystbygningar, og miljøet har trekk som er svært typisk for Gulen. Du finn våningshus frå 1844, steinmura båtnaust, sjøbu i to høgder, eldhus, takvassbrønn, utedo og jordkjellar. I alle bygningar vil du finne gjenstander som var typisk for eit fiskarbondebruk. Gulen kommune har regulert Barvågen som spesialområde for kulturvern. I alle bygningar vil du finne gjenstandar som er med å synleggjere historia til fiskarbonden.

Utan å røpe for mykje - for Gulen Fiskarbondemuseum må opplevast - kan ein nevne at sjølve våningshuset, opprinneleg skule og bustad for lærar Knut Waage, eller Skule-Knut, som han vart kalla, i første etasje er innreia som ei typisk fiskarbondestove frå første delen av 1900-talet. Opprinneleg var denne etasjen lensmannsstova, og det var her at Gjest Baardsen sat som fange i 1822. 

Andre høgda var den første skulestova på Byrknes, og her finn ein pultar og ulike gjenstandar som minner om skuletida i farne tider. 

Eit besøk på Gulen Fiskarbondemuseum vil gje deg ei rik oppleving og innsyn i fiskarbondens liv. Frå det nye Byrknes sentrum kan du i løpet av nokre få hundre meter vandre frå notida og tilbake til fortida. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------

Gulen museum of fishermen/farmers at Byrknesøy
Information: Gulen municipality 
Photo: Scandion 

Gulen museum of fishermen / farmers was officially opened in 1998 and is a fisherman\'s farm where everything is gathered inside a small area at Barvågen - in the centre of a vital and active rural society. 

The foundation who run the museum aim to take care of document and visualise the local cultural inheritance in Gulen which is related to the coastal culture - emphasising a farmer\'s living conditions. Objects are related to sea and land, school and home life, books, publications and notes concerning the customs throughout time. 

The buildings belonging to Gulen Museum for fishermen/farmers all belong to the typical small farms of which there are many along the west coast of Norway. 

Therefore the environment at Barvågen will be kept as it is to testify from a life and a culture from the past. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal