Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gard og Grend
 

 

 

Vikane
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 03.07.2007


Vikane. Her ser du bruk nr. 1 - 3 og 4. Bruk nr. 2 ligg inn i vika til høgre og er ikkje synleg på biletet. Foto: Scandion. 

 
Garden Vikane, med sine 4 bruk, ligg ved sjøen på vestsida av Eidsfjorden, tvers over frå Dalsøyra. Frå Vikane går det ein ring bygdeveg over fjellet til Brandsdal. Alle gardane er i dag nytta som feriestad. 

Garden ligg uvanleg lunt til, men er bratt og grunnlendt, og jorda er helst skral. Likevel må ein gå ut frå at det har butt folk der heilt frå heiden tid, skriv Ivar Kleiva i bygdesoga "Gulen i gammal og ny tid". 

I Vikane var det eigen skule. Skulekrinsen var skipa i 1913 - og born frå Vikane, Vestervik og Brandsdal høyrde til den ny Veddevik, seinare Vikelund-krinsen. Ei tid møtte borna frå Klokkeid også der. Det vart sett opp eige skulehus i 1931. 

Før 1913 møtte borna på Slettelandet skule, no Dalsøyra skule. 

Skulekrinsen vart inndregen i 1950, og borna vart deretter skyssa over den 1250 meter breie fjorden til Dalsøyra. 

I åra 1931 - 1938 vart det bygt veg til sjøen - og vegen over fjellet til Brandsdal vart påbyrja, for naudsarbeidsløyving. 

Vikane fekk telefon i 1952, og elektrisk kraft i 1958. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal