Skjerjehamn - idyll i barsk skjærgård
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.03.2003
Skjerjehamn var eit viktig handels- og kommunikasjonssenter
i leia. Det er å tru at hamna har vore søkt og brukt så
langt attende som det har ferdast folk på sjøen i Gulen, og
alt før 1600 må ein tru det må ha vore fastbuande folk
her. Brev datert -Schierhavn den 8 Februar 1641- tyder på at det
alt då må ha vore eit slags gjestgjeveri der. Her var kai og
stoggestad for mange rutebåtar; landhandel, postopneri 1866, telegraf,
pensjonat, trelastlager og oljelager. Postkontoret var lagt ned i 1981.
Skjerjehamn ligg ved nordvestodden av Sandøy, på
ei lita øy som er vorten landfast med veg på ei fylling til
Blidensol. Landskapet er berglendt. Gråstein og torvmyrer får
dominere usjenert på dei stort sett låge øyane og holmane
ut mot havet. Spredt bebyggelse, små gardsbruk og fiskebuer, er alt
som stikk opp på enkelte av øyane.
Eit spennande farvatn for fritidsbåtar, med tallrike
gode fiskeplasser, fine naturhamner og stille viker. Dette er eit barskt
og variert kystlandskap som er så typisk langs vestlandskysten.
I Skjerjehamn har det i mange mannsaldrar vore kai, -
og allereie i 1843 vart her D/S stoppestad for mange rutebåtar. Etterkvart
fekk
Skjerjehamn 20-25 rutestopp for veka.
Her var landhandel, pensjonat, trelastlager og oljelager.
Skjerjehamn postopneri vart etablert i 1866, - og lagt ned i 1981. (Postnummer
5979). Det vart telegrafstasjon i 1894 - som vart automatisert 5. januar
1972, og ein fekk el. kraft i 1957.
Skjerjehamn var eit viktig handels- og kommunikasjonssenter
i leia. Det er å tru at hamna har vore søkt og brukt så
langt attende som det har ferdast folk på sjøen i Gulen, og
alt før 1600 må ein tru det må ha vore fastbuande folk
her. Brev datert -Schierhavn den 8 Februar 1641- tyder på at det
alt då må ha vore eit slags gjestgjeveri der.
Kræmmerleie
På tinget i 1707 vart det opplyst at Skjerjehamn
hadde vore Kræmmerleie frå gammalt av. Det var oftast kjøpmenn
i Bergen som fekk desse i gang, på laglege stader langs kysten. Dei
sette opp høvelege hus og sende dit ein eller fleire sveinar til
å handle. Varene var øl, vin, brennevin, tobakk, kritpiper,
men óg salt, jarn, korn, malt og brød, og ymse andre ting.
Den fyrste kræmmaren som er nemnt på Skjerjehamn heitte Jon
Dirch, og truleg kom han til staden før 1640. Den viktigast handelen
var brennevin, noko som geskjeftige prost Dahl i Eivindvik ville ha slutt
på. Han kjøpte like godt Skjerjehamn - og selde att med den
klausul på skøyta at der ikkje skulle seljast brennevin til
ålmugen.
Sentrum for ruteferdsla
I 1839 tok den vesle dampbåten Bjørgvin
til å gå mellom Stavanger - Bergen - Lærdal. Men i 1853
sette Staten inn Constitusjonen i same ruta. Kvar veke skulle båten
gå frå Bergen tysdag kl. 12, stoppe i Skjerjehamn kl. 17, og
-antages at ankomme Lærdalsøren onsdag kl. 10 f.m.- står
det i ruta. Dette varde berre nokre få år. Sidan tok Bjørgvin
av og til turar til Sogn, men nokon skikkeleg rutefart vart det ikkje før
Fylkesbaatane kom i drift i 1858, og Skjerjehamn vart eit slag sentrum
for ruteferdsla på Sogn og Fjordane fylke. Då det i den tida
ikkje fanst kai, laut dampbåtane ha tau i land etter som vinden bar,
anten til Spafoten eller til skjera utfor hamna. Der var det difor oppsett
-fastigheter - ringar eller boltar til å fortøye i.
Wilhelm og Otto Schreuder
Wilhelm Schreuder kjøpte handelsstaden Skjerjehamn
i 1861.Han var målarmeister frå Bergen, og gift med Sara Dorthea
Nitter frå Indre Holmedal. I 1862 fekk han løyve til å
drive gjestgivarstaden og handel.
I september 1873 hende det ei ulukke på sjøen.
Det var konfirmasjon i Gulen kyrkje og eldste son til Schreuder, Otto Christian
var konfirmant. På veg attende til Skjerjehamn, rauk det opp med
uver og båten gjekk rundt. Berre Otto klarte å halde seg fast
på kvelven til der kom hjelp. Faren Wilhelm og ei søster kom
bort saman med tre andre. Mor til Otto var heime og kokte til konfirmasjonen.
Otto Schreuder var f. i Bergen 30/4 1856. I 1879 gifte
han seg med Øllegaard Kahrs, f. i 1858 på Gryta.
Det vart store endringar på Skjerjehamn i Otto Schreuder
si tid. I 1860 bygde han eit hus på 16x30 m i to høgder til
trelastlager. Han bygde også ei 40 meter lang kai. I 1891 sette han
opp hotell på denne gamle gjestgjevarstaden.
På Skjerjehamn kom det også ein meterologisk
stasjon, som seinare vart flytt til Byrknesøy.
Verneverdig handelsstad
Hovedhuset som i dag står og skuer ut over hamna,
er fra 1891. Det vakre lysegrøne trehuset reiser seg på østsida
av holmen med glassveranda og to rader smårutede vinduer omkransa
av grønne vinduskarmar.
Den gamle handelsstaden nærmast gøymer seg
under høgreiste lauvtrær og kraftig krattvekst. Østsida
av den lille holmen er overraskande frodig, sammenlikna med resten av landskapet
her ytterst i Gulen.
Det kan nesten følast som å bevege seg i
ei filmkulisse frå 1800-talet, det er like før travle handelsmenn
og betjentar, fiskarar og bønder, huskoner og håndverkarar
dukkar opp rundt hushjørna.
Handelsstaden på Skjerjehamn er i dag i privat eige.
Kjelder: Gulen, band 3 / Glimt frå Gulen 2000 |