Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kultur
Kulturminner
Attraksjonar
    
Verna vindmølle
Forfattar: Anne Mette Tuvin
Publiseringsdato: 05.02.2000
Foto: Sigvald Kidøy 

I 1940-åra gav denne vindmølla straum til garden på Lid i Gulen kommune. No er ho verna, nyrestaurert og står i trygg forvaring hos BKK i Eivindvik. Det var driftselektrikar i BKK Distribusjon, Sigvald Kidøy, som fekk kjennskap til mølla og fekk ho under tak. 

- Eg tykkjer det er artig å sjå på den tekniske historia til straumforsyninga i Gulen. Dette er teknisk kulturminne som eg meiner det er verd å ta vare på, seier Sigvald Kidøy. Han håpar at synfaring til vindmølla, som no står under tak hos BKK i Eivindvik, kan bli ein del av undervisninga om elektrisitet i skulen. 

Historia bak vindmølla er knytt til krigen. Søren Lie, som var fødd i 1890, hugsa at det under 1. verdskrigen var mest uråd å få tak i nok olje til oljelampane på Lid i Gulen. Då 2. verdskrigen kom, rekna han med at det no vart eit nytt problem å få tak i nok olje til lampane. Dette er den utrulege bakgrunnen for at han gjekk til innkjøp av vindmølla som kunne laga lys utan bruk av olje! Vindmølla er produsert i USA. 

I 1940 vart den montert på Lid i Gulen for produksjon av straum til lys i bustad, fjøs og sjøhus. Mølla var i dagleg drift fram til 1950, då ho vart erstatta av ein bensinmotor med aggregat. Fyrst i 1958 kom linjenett og vanleg straumforsyning fram til gardsbruket på Lid. 

Generatoren på vindmølla produserte 1000 watt i sterk vind og gav straum til lys via eit batterianlegg. Var det vindstille i nokre dagar, tok dei til å spara på lyset, og var det vindstille i 14 dagar, måtte dei fram med oljelampane att. 

Når vinden kom opp i kuling, kopla ein luftbrems inn og regulerte omdreininga på propellen som er laga av Amerikansk furu . 

Ein fortel den dag i dag at så -kvitt lys- som det var på Lid når det var storm, har aldri kraftlaget i Gulen klart å få fram til Lid! 

Det vart sjølvsagt rekna som eit storhende på Lid då vindmølla kom i drift, og det vert fortalt at den dagen vart det servert rømmegraut på garden. 

Vindmølla er produsert i USA, og propellen er laga av Amerikansk Furu. 

BKK-NYTT, Desember 1997.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal