Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Gulen
Kyrkjer Brekke kyrkje Gulen kyrkje Mjømna kyrkje |
The
churches in Gulen
Gulen kyrkjelydsblad Bjørgvin bispedøme Reisebrev |
|
|
Forfatter: Scandion Publiseringsdato: 25.08.2002 Under gudstenesta 18. august kunne soknerådleiar Halvor L. Brosvik ta imot ein tru kopi av sognejekta Svømmianna av Eivindvik Ungdomslag. Det var Magnor Midtun som sette ungdomslaget på idéen om kyrkjeskipet. Med Kjell Solheim i spissen for dyktige medlemmer i laget stod modellen ferdig etter meir enn 300 dugnadstimar.
Kyrkjeskipet er, til minste detalj, ein kopi av sognejekta Svømmianna som Iver Dingen frå Dingja bygde rundt 1880 - og som var i bruk like til 1967. Den orginale Svømmianna ligg på Kystmuseet i Florø for restaurering. Elisabeth Armand, barnebarnet til Iver Dingen, var tilstades i Gulen kyrkje under overrekkinga. Vi har opplysninger om rundt 250 kyrkeskip i Noreg. Omlag halvparten er framleis i god behold, og nye kjem stadig til. Svømmianna, kyrkjeskipet i Gulen kyrkje, føyer seg verdig inn i denne rekka. Historie og symbolikk
Kyrkja er som eit skip som seglar gjennom denne verda
med Vårherre som styrmann og menigheten som besetning. Masta med
rå er korset, seglet er vår tru. Guds Ord er det retningsgivande
kompass, ankeret symboliserer håpet, ankertauet er bøna og
ankergrunnen er Guds trufastheit. Stevnen vender mot alteret, mot øst
og lyset. Skipet med menigheten er på veg mot Gud og lysets land.
|
||
Webredaktør: Magne Opdal |