Vann 2. divisjon for 11. gang
Tekst og foto: Liv Brekken
Publiseringsdato: 26.03.2007
Brekke skulemusikkorps var i helga til Nordfjordeid og
konkurrerte i Sogn og Fjordane Meisterskapen 2007 og henta heim sigeren
for 11. gang. Det var 3 korps som deltok i 2. divisjon: Solund, Lavik og
Brekke.
Brekke skulemusikkorps trekte det lengste strået
også dette året, med 91 poeng, 2 poeng framfor Solund og med
Lavik ytterlegare 2 poeng bak. Dette var 11. gangen Brekke vann 2. divisjon
brass i fylkesmeisterskapen.
Foto: Ein stolt gjeng med pokalen for årets bragd.
Byrknes følgde opp den gode trenden dei har hatt
dei siste åra, og vann like godt 3. divisjon brass. Ytre Sogn har
med andre ord nokre av dei beste skulekorpsa i fylket!
Det var samling ved skulen der flagget gjekk til topps
og idrettslaget spanderte pølser og brød og saft til alle.
Varaordførar, Hallvard Oppedal ynskte alle til
lukke med sigeren og gav mange lovord til korpset og dirigenten.
I år har Brekke Skulemusikkorps meldt seg på
til NM for skulekorps i Stavanger 23. og 24. juni. Dette vert første
gangen korpset deltek i NM. Med andre ord ei ny og spennande erfaring! |