Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke Skulemusikkorps

 

 
17. mai og to skipsdåpar
Tekst og foto: Liv Brekken
Publiseringsdato: 22.05.2007

Brekke Skulemusikkorps har hatt ei travel langhelg. 17. mai spelte dei i 4 bygder, Ikjefjord, Oppedal, Asheim og Brekke. Fredag 18. mai var korpset invitert til å spele ved skipsdåp i Bergen. 

Havyard Leirvik har bygd båt for eit indisk selskap. Veret var surt og det var kaldt å stå på kaien og vente på å få spele, men oppdraget vart gjennomført med stil, båten vart døypt ”Kamet” og dei indiske tilreisande nikka fornøgd då nasjonalsongen deira vart spela. 
 
 

Laurdag 19. mai var det eit norsk skip som skulle døypast, "Havila Mars". Dei fleste korpsmedlemmene møtte opp denne dagen og, i tillegg hadde me nokre av dei "pensjonerte" medlemmene med. Heldigvis regna det ikkje denne dagen, men det bles friskt. Det verka ikkje inn på spelinga, og oppdraget vart utført med stil! 

Etterpå var heile korpset ute og åt pizza før heimtur. 


Foto: Liv Brekken. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no