Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke  Skulemusikkorps

 

 
England, here we come
Tekst og foto: Liv Brekken. Publiseringsdato: 29.06.2005
 
Laurdag 18. juni var det ein stor gjeng med gulingar og nokre få frå Høyanger sørside, i alt 114 personar, som entra Englandsbåten ”Jupiter” på Skolten. Spenninga var stor og alle visste at det låg nokre travle dagar framfor oss. 

Nordsjøen var roleg og ingen kunne merke bølgjer i løpet av den 1 døgn lange turen frå Bergen til Newcastle. Veret lysna etter kvart som me nærma oss land, men då me la til kai lyna og tordna det og hagl på storleik med 50-øringar klaska i bakken. 

Etter ein 2 timar lang busstur sørover langs austkysten av England i plaskregn, kom me endeleg til Scarborough. Dei 5 bilane som fylgde med, hang på bussane som kleggar heilt inn til byen. Då vart det for mange lyskryss med raudt lys…. , men dei kom seg til rette etter litt guiding gjennom byen. Vel framme på pensjonata var det allereie blitt sein søndagskveld, og etter kort tid senka roa seg over alle. Måndag skulle bli ein travel dag. 


SOL! Me vakna til ein blå, blå himmel, og visste at i dag skulle begge korpsa ha to konsertar, ein ute og ein inne. Foto: Liv Brekken.

Allereie klokka 10 på føremiddagen bar det i veg mot byen for å spele konsert i gågata. Byrknes starta og etter kvart stoppa det fleire og fleire folk for å høyre på. Leiarane stressa litt med å få kjøpe vatn i varmen. Ingen hadde vel tenkt at det skulle bli slik varme at det var nødvendig med vesketilførsel. 

Etter ei økt der begge korpsa spela saman, hadde Brekke sin konsert. Begge korpsa spelte strålande, og applausen var overveldande. 


… Kommentarar som "Brilliant". Foto: Liv Brekken

"Excellent" og "The best Scandinavian bands we’ve ever heard" gir ein liten porsjon sjølvtillit til neste utfordring. Det var no på tide å utforske byen og handle litt før middagen vart servert. 4-5 timar gjekk fort på ein ny plass med mykje spennande og annleis ting enn heime. 

Grand Hotel er eit gammalt og staseleg hotell like ovanfor strandpromenaden. Her var det innandørs konsert om kvelden. 


Torill tek Ein ”Sugar Blues” på Grand Hotel. Foto: Liv Brekken.

Dette vart eit av høgdepunkta på turen, med strålande musikarar, eit fantastisk lydhørt publikum og ein dirigent som var topp engasjert heile tida. (Det var no det tok av…) 

På ”Onward Christian Soldiers” sang publikum med og etter konserten vart det tid til å gje frå seg namn og adresse til interesserte pensjonistar som ville høyre meir. 

Låtvalet var fortreffeleg i dette forumet og velleta ville nesten ingen ende ta. ”Bloody good” var visst eit lokalt uttrykk for kvalitet! 

Neste morgon stoppa eit eldre ektepar utanfor pensjonatet og takka for ein flott konsert. ”My wife recognized you”, var kommentaren frå mannen. Inger Marie var altså nesten kjendis i løpet av eit døgn. 

Tysdag hadde alle fri fram til tidleg på ettermiddagen, då det bar i veg for å delta i parade. Me hadde med 3 ”duskedamer” som skulle bere duskane til fana, og dette var ei oppgåve dei gjorde med glans. 


Parade langs strand-promenaden. Foto: Liv Brekken. 

Alle hadde bunad for å vere litt staselege i fronten av korpset. Det heldt hardt for at den eine fekk med seg paraden då bunaden svinsa borti fugeskum i trappa på pensjonatet, men med iherdig innsats frå 4-5 personar og ”il – taxi” til stranda, gjekk dette og bra. 

Denne dagen var det akkurat fint ver å marsjere i, litt sol men nokså kjølig. 

Dagens fastlagde program var over, og kvelden var fri til diskotek eller andre aktivitetar. 


Konsert i ly av trekrunene. Foto: Liv Brekken.

Onsdag var York- dagen. Her hadde me avtale med York Minster om speling kl 11.00. Tidsskjemaet var stramt i utgangspunktet, og når bussane ikkje kom før 20 minutt etter avtalt tid og tida framfor kvart einaste lyskryss verka endelaus, var det ikkje rart at fleire blei litt stressa……. 

Vel framme i katedralen fekk me avtala ny tid for speling. Takk og pris!!! No kunne alle konsentrere seg om gatekonserten først. Her var det berre å få med seg alle instrument – pauker trillar faktisk fint over brusteinen…. – og notestativ og prøve å finne speleplassen. 


Byrknes er "on stage". Foto: Liv Brekken. 

(Det var no det begynte å bli bruk for gnagsårplaster……) Det vart fort stemning i Parliament Street og folk svinga i takt med musikken, dei jubla, sang og klappa. Ein instrumentkasse vart sett fram for å ta imot myntar, og folk var ikkje vanskelege å be. 

Pengane strøymde inn, og ein kar ga ein av leiarane 60 £ ”to buy ice cream for the musicians”. (Ingen fortalde oss at det ikkje var lov å spele for pengar, og at det var flaks at ikkje politiet dukka opp – det hadde blitt noko å skrive heim om…) 


Brekke sin tur. Foto: Liv Brekken.

Nokre amerikanske ungdommar stoppa Inger Marie for å skryte av musikken, dei var overvelda over kvaliteten. Dagen før hadde dei spelt i York Minster og var veldig fornøgde med den erfaringa og opplevinga, og no var det våre musikantar som skulle i elden. 


Brekke Skulemusikkorps i historiske omgjevnader. Foto:Liv Brekken. 

Etter litt kvile på trappa var det på tide å rigge seg til, og med 70 musikantar på plass starta dei med ”Crimond” og ein vakker solo ved Torill Tynning. Dette var ein utruleg var og nydeleg start på ein flott konsert. 

Etter tredje melodien torde publikum å applaudere då ein av dei tilsette i katedralen torde å begynne. 

Brekke Skulemusikkorps spela mellom andre ”Vikingkirken” ( den måtte dei spela, for kvar skulle den vel passe betre enn her?) og ”Power of Love” åleine. 


Brekke Skulemusikkorps i historiske omgjevnader. Foto: Liv Brekken.

Med ein slik akustikk som denne flotte katedralen har – York Minster er forresten den største gotiske katedralen i Nord Europa – fekk uttrykket ”å tone ut” ei meining. 

I nokre få sekund etter at Inger Marie ga avslutningssignalet til korpset, kunne me høyre korleis tonane fylte rommet bak oss for så å døy sakte ut. 

Det er ei oppleving berre å vere i denne katedralen som det tok 350 år å byggje. Historia formeleg strøymer frå tak og vegger. Å få spele her er ei ære som ikkje er så veldig mange nordmenn forunt. 

I fjor var det eitt norsk korps som fekk sjansen – i år var det to saman - oss! 

Men tida gjekk og det var faktisk meir på programmet. Etter klebyte bar det i veg til ”Jorvik Viking Centre” for å bli med på ei reise gjennom historia fram til vår tid. Til slutt var det ei lita stund til å handle før det bar mot Scarborough og middagsmat. 

Også denne kvelden var det råd å bruke litt pengar på t.d. speleautomatar, bilete, ”fish and chips”, flysimulator, spøkelseshus og andre spennande saker. No var ”spelepliktene” over, bilførarane kunne endeleg få ein dag utan køyring. 


Harry Potter Train Station. Foto: Liv Brekken.

Torsdag skulle brukast til å reise, først til den idylliske landsbyen Whitby. Kaptein James Cook som for lenge sidan stranda på Great Barrier Reef i Australia, og dermed oppdaga dette kontinentet, kom frå Whitby. Her er det gamle bymiljøet godt bevart, og me finn små butikkar i trange smug – og den beste ”fish and chipsen” på lang veg! 

Seinare stoppa me ved Harry Potter Train Station og i Aidensfield, Goathland (frå ”Med hjartet på rette staden”), der me m.a. fann ”Scripps Funeral Services” og ein gammal telefonkiosk. 


Aidensfield, Goathland (frå "Med hjartet på rette staden"), der me m.a. fann "Scripps Funeral Services". Foto: Liv Brekken.

Endeleg var me komne til Flamingoland og berre fornøyelse! Berg og dal-baner, tømmersklie, dyrepark, "cliff hanger", karusellar av ulike slag og mykje meir! 
3 ½ time med full fart og ikkje køar – ”great”!! 

Sola steikte, og dei som ikkje hadde blitt solbrende før, fekk kjenne det no! 

Kanskje det var lurt å reise når alt var på topp? Då me for, var køane lange og dei måtte vente. 


- og ein gammal telefonkiosk. Foto: Liv Brekken.

Fredag var det tid for heimreise, og turen til Newcastle gjekk fort. Litt tid til å bruke opp dei siste punda fekk me og, før alle booka inn på båten. 

Me fekk heimlengten rett i fanget, for i det me forlet handlesenteret kom regnet, akkurat som då me kom til England og akkurat som heime! 

Det vart litt meir bølgjer på heimvegen enn på veg bort, og etter kvart gjekk me tomme for reisesjuketablettar. Men ein liten kuling over Nordsjøen gjekk i grunnen heilt fint! 

Utpå dagen nådde me Bergen og til tonane frå ”Bergenssangen” la me til kai på Skolten. Der stod Bjarne tolmodig og venta med bussen. 

Og snipp snapp snute så var Englandsturen ute! 

Med dette vil me seie takk til alle leiarane som har gjort ein flott jobb, til Inger Marie for at ho alltid stiller opp og til dei tre sjåførane som tok sjansen på å ta med seg bilane og dermed sparde oss for mykje arbeid med å flytte instrumenta frå stad til stad. 

Og til alle korpsmedlemmer: De er dyktige! Dette vart ein flott tur med masse gode inntrykk og opplevingar, ei flott avslutning på korpsåret! 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no