Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke Skulemusikkorps

 

 
Julekonsert i Brekke kyrkje søndag 21.12.2003
Tekst: Liv Brekken
Publiseringsdato: 30.12.2003

Som vanleg var Brekke kyrkje fullsett ved den årvisse julekonserten siste søndagen i advent. Julestemning var det frå første tone. Barnehagane og elevar frå 1. - 3. klasse sang adventssang og tende dei fire adventslysa. 


Born frå barnehagane og elevar frå 1.-3. klasse. Foto: Kjell Solheim.

Dei fylgde så opp, med stor innleving, med eit par julesangar, før Brekke Mannskor overtok med heilt andre tonar. 

Mange av elevane ved Brekke skule er med i Musikk- og kulturskulen. Til konserten i kyrkja hadde dei øvd inn eit program med kor og deltakarar på orgel og gitar. 

Brekke Kyrkjesonggruppe gav oss vakker, fleirstemt sang før presten, Jens Linde, heldt ei kort andakt og avslutta med solosong. 


Brekke Skulemusikkorps. Foto: Kjell Solheim.

Gulen Ten Sing hadde friske tonar og fleire dyktige solosongarar. 

Anja Reknes sang så Julekveldsvisa reint og klart før arrangøren, Brekke Skulemusikkorps avrunda konserten med nydeleg og kraftfull korpsmusikk. På "Fager er jordi" sang publikum med, og kyrkja var fylt med jul! 


Brekke skulemusikkorps med solist Torill Tynning. Foto: Kjell Solheim.

Dei som ikkje hadde julestemning før dei kom i kyrkja fekk den nok i løpet av dei knappe 2 timane med ulike artistar frå nærområdet. 

Vakkert og vellukka nok ein gong! 


Brekke Mannskor. Foto: Kjell Solheim. 

Gulen Ten Sing. Foto: Kjell Solheim. 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no