Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke Skulemusikkorps

 

 
Tok sigeren heim for 8. gong
Tekst: Liv Brekken
Publiseringsdato: 21.03.2004

Brekke skulemusikkorps drog i land sigeren for 8. gong på rad i Sogn og Fjordane Meisterskapen i Florø på laurdag. Byrknes skulemusikk kunne reise heim med ein flott 2. plass i 3. divisjon. 


Inger Marie dirigerer Brekke Skulemusikkorps. 
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn) 

Det vart ei kjempefin og spennande helg med mange deltakande korps, solistar og drillarar. 40 foreldre/søsken hadde teke turen til Florø for å høyre på konkurransen, og dei fleste var og med på premieutdelinga og festkonsert med Sogn og Fjordane Brassband laurdag kveld. 

Ordførar Trude Brosvik tok imot alle då dei kom til Brekke tidleg på ettermiddagen søndag, og ho gratulerte med innsatsen og takka for den fine måten korpset profilerte kommunen på. 


Det vart ståande applaus etter Brekke si framføring. 
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)

Brekke skulemusikkorps stilte i 2. divisjon brass, og her var det 4 korps. Stemninga blant musikantane før speling var til å ta og føle på, og det var som vanleg noko hektisk aktivitet i kulissane. Men då dei kom på scenen gjorde alle ein framifrå innsats og publikum sat som fjetra til nydeleg "indianarmusikk", pliktnummeret "Dakota" og det sjølvvalde stykket "Indian Summer". 


Glade brekkingar kysser pokalen for førsteplassen i 2. divisjon brass. 
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)

Korpset gjekk av scena til ståande applaus, og poengsummen tel for seg: 95,5 av maks 100 poeng. For 8. gong på rad vann korpset 2. divisjon med 6,5 poeng ned til 2. plassen som gjekk til Vassenden. 

I tillegg fekk Brekke sitt 2. napp i vandrepokalen (kornett), med høgast poengsum av alle brassband som deltok, uansett divisjon. I vurderinga oppfordra dommarane Brekke om å delta i NM. Me får sjå kva som skjer.... 


Dirigent Inger Marie Håheim Tynning og glade Brekke-musikantar med vinnarpokalen og vandrepokalen, ein kornett, for høgaste poengsummen.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn) 

I 3. divisjon brass deltok Byrknes skulemusikk. Her vart det veldig jamt i toppen, mellom Kalvåg og Byrknes. Det enda med at Kalvåg drog det lengste strået, med 94,5 poeng. Hakket bak, med 94 poeng kom Byrknes. Veldig bra innsats og poengsum. Det deltok 7 korps i denne divisjonen. 

Inger Marie Håheim Tynning var dirigent for både Byrknes og Brekke. Me gratulerer med resultatet! 


Gorm Evensen plastrar og klargjer ein av Brekke sine musikantar. 
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn) 


Brekkemusikantane lett spente før dei slepp inn på scena. 
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no