Vandrepokal til odel og eige
Forfatter: Liv Brekken
Publiseringsdato: 26.03.2006
Brekke Skulemusikkorps vann 2. divisjon i Sogn og Fjordane
Meisterskapen 2006 med 95 poeng, framfor Solund og Vassenden. Byrknes skulemusikk
vann 3. divisjon med 94,5 poeng, 1/2 poeng framfor Kalvåg.
Florø var åleine i 1. divisjon, og oppnådde 94 poeng.
Helgas premiar. 1. plass 2. divisjon brass - Brekke
Skulemusikkorps vandrepremie for 3 gangar høgast poengsum i brassband-klassen
og 1. premie 3. divisjon brass - Byrknes Skulekorps. Foto: Liv Brekken.
Dei tillitsvalde og dirigenten med pokalar og vandrepremien.
f.v.: Jorunn, Ingvild (frå Brekke), Inger Marie, Birgitta og Silje
(frå Byrknes). Foto: Liv Brekken.
Vandrepokalen i klassen for brass band vert vunnen når
eit korps har 3 napp i den, og det korpset som har høgast poengsum,
uansett divisjon, får napp.
Før årets konkurranse hadde Florø
og Brekke 2 napp kvar, så spenninga var stor då Florø,
som siste korps, sin poengsum vart opplesen.
Som du ser hadde Brekke 1 poeng meir enn Florø,
og dermed har korpset fått vandrepokalen - ein kornett - til odel
og eige.
Inger Marie Håheim Tynning var berre eit stort smil
i går kveld etter at begge korpsa ho er dirigent for gjorde ein kjempeinnsats.
For Brekke skulemusikkorps var dette den 10. strake sigeren
på rad i meisterskapen.
Ordføraren må møte opp og ha nokre
gode ord når nærare 80 musikantar kjem heim etter eit flott
meisterskap. Foto: Liv Brekken.
Litt stas må det gjerast på musikantane som
reiste til Førde og spelte så kjempebra i fylkesmeisterskapen!
Ordførar Trude Brosvik møtte begge korpsa
på skulen i Brekke for ei lita offisiell mottaking. Det er jo litt
spesielt at både Brekke og Byrknes har same dirigent, så det
er fint å få alle samla for ein gangs skuld.
Alle tok turen innom Brekke skule og idrettslaget spanderte
brus, korpset pølser med brød. Ordføraren hadde kansellert
fjellturen for å vere til stades og gjere stas på dei to dyktige
korpsa. Ho var svært fornøgd med at me har så mange
flinke musikantar, og ei verkeleg eldsjel i dirigenten for begge korpsa
- Inger Marie H. Tynning, i tillegg til det gode støtteapparatet
rundt medlemmene.
Mange foreldre møtte opp, flagget gjekk til topps
og jubelen stod framleis i taket (som den har gjort sidan resultata vart
kjende!) både blant korpsmedlemmene og dei andre frammøtte.
Ingeborg Evensen las dommarkommentarane for Brekke, og
Jostein Birknes tok seg av Byrknes sine. Her var det mykje ros og gode
råd. Dommarane ynskte å få høyre denne korpsmusikken
også utanfor fylket... Når ordføraren ymtar om nye mål,
kan vel det vere noko å tenkje på.......
Einig. Foto: Liv Brekken.
|