Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke Skulemusikkorps

 

 
"Vel blåst" i 25 år
Tekst og foto: Liv Brekken
Publiseringsdato: 23.06.2004

Sundag 20. juni kunne Brekke Skulemusikkorps feire 25-års jubileum. Med inviterte gjestar, gode ord og pengegåve frå ordføraren - blomar og helsing frå Fjordane Krins av NMF, vart det ei flott markering.


Brekke Skulemusikkorps. Foto: Liv Brekken. 

Programmet tok til kl. 14.00 på plassen ute ved Brekke skule. Brekke Skulemusikkorps spelte to marsjar og dermed var jubileumsfeiring igang. 

Deretter var det matøkt med sal av grillmat, open kiosk og kafé. Aqua Farms sponsa med laks, og denne var kjempegod! 


Matøkt med sal av grillmat. Foto: Liv Brekken.

Kl. 16.00 held programmet fram i Risnehall. Torill Tveit Sætre opna med sjølvskreven prolog før både jubilantar og aspirantar fekk vise kva dei verkeleg er gode for. 

Torill Tynning spelte og ein kornettsolo akkompagnert av Boris Kuprijanov på piano. 

Ordførar Trude Brosvik hadde med seg mange gode ord og ei pengegåve, og Sogn og Fjordane Krins av NMF var representerte og hadde blomar og helsing. 


Publikum på plassen ute. Foto: Liv Brekken. 

Brekke Mannskor sang deretter nokre friske sangar før Byrknes Skulekorps spelte. 
Programmer vart avslutta ved at Byrknes Skulekorps og jubilantane danna eit felleskorps på 79 musikantar. 

Ei fin markering! 


Torill T. Sætre med prolog. Foto: Liv Brekken.


Torill Tynning med kornettsolo til tonefølgje av Boris Kuprijanov. 
Foto: Liv Brekken. 


Tillitsvalde: Bård og Trin overrekkjer blomar til Torill T. og dirigentane. 
Foto: Liv Brekken. 


Felleskorps Byrknes og Brekke. Foto: Liv Brekken. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no