Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Dalsøyra Songkor

 

 
Dalsøyra songkor
"Soga om Ola Skutevik og Mariann"
Tekst og foto: Scandion
 Publiseringsdato: 27.04.2003

Etter ein etterjulsvinter med øving kunne Dalsøyra Songkor, Dalsøyra skulekorps og ei songgruppe frå Gulen musikkskule invitere til kulturkveld i Dalsøyra samfunnshus på laurdag. 

Rundt 130 menneske la andre syslar til sides og møtte fram for å oppleve Dalsøyra Songkor sin nyoppsette songkabaret "Soga om Ola Skutevik og Mariann". 

Det er etterkvart vorte ein tradisjon at songkoret plukkar fram kjente og kjære songar og set dei saman til ein kabaret, ei form som koret meistrar med glans. Denne gongen var det tekst og tone henta frå Hartvig Kiran sine viser som stod på programmet. 

I 2001 hadde koret suksess med songkabareen ”Kysten i ord og tonar”. I fjor var temaet "Kjærleik er så mangt....." 

Og med årets framsyning, opplever vi igjen at kor er kjekt. I programmet seier koret at "Da er kjekt å stå i kor, kjekkare enn alt på jord". At dette stemmer kunne publikum oppleve gjennom utstråling og framføring av kvar enkelt kormedlem. Noko koret sin engasjerte og dyktige dirigent Agnar Mostrøm - og instruktør Ingrid H. Haveland har litt av æra for. 

Dalsøyra skulekorps opna programmet. Under sin dyktige dirigent Camilla Søderstrøm Tveit framførte korpset 4 musikkstykker. Korpset hadde si første øving 1. oktober 2002, og publikum vart nok storleg overraska over kvalitet på framføringa etter berre eit halvt år med øving. Leiar for korpset er Evelyn Bjørge. 

Songgruppe frå Gulen Musikkskule, leia av sin dirigent Agnar Mostraum framførte "Folketonar frå Sogn". Flott prestasjon av dei unge songarane som uredde stod fram for ein fullsett sal. Når ein opplever dette, må ein lure på kva tankar politikarane i Gulen sit med som kjem med forslag om å leggje ned musikkskulen. 

"SOGA OM OLA SKUTEVIK OG MARIANN". 

Soga om Ola Skutevik og Mariann er soga om to som møttest i ung alder. Dei fekk kvarandre kjær, men Ola valgte å reise til sjøs. Gjennom Kiran sine viser fekk vi glimt av livet frå dei to møttest og seinare skilst, og møttest att. 

I framføringa nytta koret arrangementa som Henning Sommero laga då Ålesund Kammerensemble framførte programmet for fem år sidan. Med mellomtekstar skrive av dirigent Agnar Mostraum vart det god flyt i handlinga. 

Kabareten inneheld desse visene : 
Nykleholmen - Gåvebrevet - Liverpool by - Takkebrevet - Clara espanjola - I lovers land - Aldri meir - Lev så vel - Landkjenning - Alders møte - Sjømanns kvile. 

BILDER FRÅ FRAMSYNINGA 
 

Dirigent / Musikalsk leiar Agnar Mostraum. 
Solistar : 
Anita Lihaug 
Ivar Hantveit 
Olav Dale 
Agnar Mostraum 
Sverre Kjelby 
Forteljar : 
Laura Westervik 
 
 

Instruktør : 
Ingrid H. Haveland 

Sminke : 
Irene Mongstad 
Ann kristin Tveit 
Liv Marit Kjelby 
Anette Andersen 

Lyd / lys : 
Kent Lennie Stamnes 
 
 

ALT : 
Trude K. Lihaug 
Laura Westervik 
Kirsten J. Virkesdal 
Berit Austgulen 
Inger Kirsti Reknes 
Bjørg Steine 
 
 
 
 
 

SOPRAN 
Vivi Helen Andersen 
Henrikka Hantveit 
Kirsten Neverdal
Anita Lihaug 
Gjertrud Eide 
Anette Andersen 
 
 
 
 
 

BASS : 
Ivar Hantveit 
Jakob Kløvtveit 
Olav Dale 
Sverre Kjelby 

TENOR 
Einar Austgulen 
Magne Sellevåg 

DIRIGENT : 
Agnar Mostraum 

FORMANN : 
Henrikka Hantveit 

MUSIKARAR : 
Anne Gunn Ynnesdal, trekkspel 
Reidun Halland, fløyte 
Kjell Solheim, bass 
Torbjørn Solheim, gitar 

TAKK FOR INNSATSEN 
Dalsøyra Songkor takkar sin musikalske leiar og dirigent Agnar Mostraum og instruktør Ingrid H. Haveland med kvar sin velfortent blomsterbukett. 

"Da e kjekt å stå i kor, 
kjekkare enn alt på jord. 
Når te korøving me ilar. 
boblar gleda i vårt bryst. 
Me har alltid tid, fordi at me har lyst". 

AVSLUTNING

Så var programmet over og Dalsøyra skulekorps kunne, slik tradisjonen er, invitere frammøtte og aktørar til matøkt, denne gong gryterett, kaffi og kaker i matsalen. Eit herlig måltid som avslutning på ein flott kulturell opplevelse.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no