Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Dalsøyra Songkor

 

 
Dalsøyra songkor
Kabaret og "Husker du" stemning
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.03.2004


Foto: Scandion.

Det vart reine "husker du" stemning i Dalsøyra samfunnshus laurdag kveld då Dalsøyra songkor tok ein fullsett sal med på ei reise i mange av musikkens høgdepunkt frå 1920-åra og fram til i dag. 


Dalsøyra skulekorps. Foto: Scandion.

Som i fjor, stod Dalsøyra skulekorps for opninga av programmet. Det er omtrent halvtanna år sida korpset blei starta, og framgangen har vore fantastisk. 

Korpset deltok forrige helg i Hordablæsten 2004 i Grieghallen under leiing av dirigent Camilla Søderstrøm Tveit. 

Det vart ikkje heilt topplassering, men korpset tok det igjen i heiderleg omtale og mykje skryt for framføringa. 

Etter ein vinter med øving kunne Dalsøyra songkor endeleg sleppe dei glade tonane fri i sin nye kabaret "Minnenes melodi". Eit fint knippe eviggrønne slagerar innan dei fleste stilartar - krydra med mange artige framføringar fekk publikum i godlynne. 


Foto: Scandion

Koret ser ut til å ha funne ei form både dei og publikum trivest godt med. Ein fullsett sal fekk oppleve ei sprudlande songglede til tonefølgje av orkester. 

Kent Lennie Stamnes sytte for at lyden var perfekt og lyset framheva stemninga i melodiane. 

Medlemmane i koret viste at dei meistrar alt frå vakre, vare melodiar til ein skikkeleg rockelåt. Med Ingrid Hellwege Haveland som instruktør blir sceneskrekk eit ukjent fenomen. 

Det er koret sin faste dirigent, Agnar Mostrøm som har arrangert og sydd saman melodiane i kabareten, som søndag også vart synt fram i Risnehall på Brekke - der det også var godt med folk og fin stemning. 

Etter kabareten var mange innom matsalen der Dalsøyra skulekorps kunne by på lasagne, kaffi og kaker. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no