Undervisning
i førstehjelp for alle 10. klassane i Gulen
Tekst: Turid Westervik
Publiseringsdato: 03.07.2006
Kvart år, 2 dagar i juni, samlast alle 10. klassane
i Gulen til undervisning i førstehjelp i Eivindvik. Henry Indrebø
var den som starta med dette tiltaket for 27 år sidan. Dei fleste
åra har han hatt kurset åleine. Dei siste 5-6 åra har
eg også undervist, samt at vi har fått assistanse av hjelpekorpsmedlemmar.
På slutten av dag 2 er det ei praktisk øving.
Det vert rigga til 2 ulykkesstader med bilar og syklar som illustrerer
påkjørsel bil og sykkel. Markørane er som regel elevar
frå 8/9 klasse. Desse vert klint til med litt ketchup og raud saft,
blanda med litt grus.
Når alarmen går, må kursdeltakarane
ut og behandle dei skada så godt som muleg.
Som avslutning vert det vist en 1. hjelpsvideo som tek
opp tema dei har vore igjennom, som ei oppsummering.
Ulukke sykkel og bil. Foto: Turid Westervik.
Skada syklist. Foto: Turid Westervik.
Skadevurdering. Foto: Turid Westervik.
Sårbehandling. Foto: Turid Westervik.
Behandla og lagt i sideleie. Foto: Turid Westervik.
Endå ein skada syklist. Foto: Turid Westervik.
Korleis skal denne behandlast ? Foto: Turid Westervik.
Klar for transport. Foto: Turid Westervik.
Skadde i bilen. Foto: Turid Westervik.
|