Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Gulen Røde Kors Hjelpekorps

 

   
4H fylkesleir på Tusenårsstaden
Tekst: Turid Westervik
Publiseringsdato: 04.07.2006

Frå torsdag 29 juni til søndag 2. juli 2006 vart det arrangert 4H fylkesleir i Gulen. Leiren var på Tusenårstaden på Flolid. Ca 200 unge deltakarar var påmelde. 

Torsdag frå kl 16-21 var det lagt opp til aktivitet for deltakarane på prestekaia i Eivindvik. Her var det laga til 6 postar med ulike innslag frå Redningsselskapet, Hjelpekorpset, Brannvern, Politi og Forsikring. 
På programmet fekk deltakarane ein gjennomgang med bruk av redningsvestar på sjøen, dei fikk prøve å ro i jolle, lære tauknuter, bruke kasteline, litt om forsikring, brannvern og hjerte- og lungeredning. 

 
 

Øvelse i linekasting. Foto: Turid Westervik. 


Ro eller skåte - godt festa i sikkerheitslina. Foto: Turid Westervik. 


Trygg på sjøen med politiet. Foto: Turid Westervik. 


Post med brannvernet. Foto: Turid Westervik. 


Litt om forsikring. Foto: Turid Westervik. 


Brynjar lærer bort tauknutar. Foto: Turid Westervik. 


Ingrid viser hlr på junior. Foto: Turid Westervik. 


Ein trykkjer og den andre skal puste. Foto: Turid Westervik. 


Linda sjekkar at det går rett for seg. Foto: Turid Westervik. 


Magnar overvåkar rett teknikk. Foto: Turid Westervik. 


Margrethe forklarar. Foto: Turid Westervik. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no