Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

 
Bernt Austgulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 23.05.2006

Bernt Austgulen (30.08.1887 - 23.07.1991) var den eldste og - etter alderen - sprekaste guling då dette vart skrive i 1985. Då det førre århundre gjekk ut var han 13 år. Far hans heitte Ivar Eikemo og tok namnet Austgulen då han busette seg i Nedre Austgulen. Flyttelasset kom frå Eikemo i ein femkeiping. Året etter kom Bernt til verda. Mora heitte Malene og var fødd på Furenes. 

I Austgulen var det fine fjellbeite, og det var viktig for ein som skulle driva med dyr og som føreåt hadde vore driftekar. Men husa på garden var skrale. Verst var det med fjøset og løa, og arbeidet med nye hus til dyra tok til straks. Først i 1900 byrja arbeidet med dei andre husa. 

Livet ved fjorden slik Bernt har fortalt det ......... 

- Matrialane kom frå Masfjorden. Far hogg dei sjølve i Eikemoskogen og ved Bergsvika. Med femkeipingen vart dei rodd til Brandangersundet og saga til ved Eidssaga. Turen tok ein dag eller to, alt etter veret. Eg var sjølv med som 13-14 åring på nokre slike turar. Det var tungt å ro storbåten, men eg hadde alt fått musklar i armane og hadde vilje til å hjelpa. Råseglet var til hjelp når vinden høvde. 

- Me var uthaldande i den tida. Det var gjerne ein arv. Foreldra mine var vane med tunge tak. Mormor - Marte på Furenes - rodde einsam den lange vegen til Vik i Sogn for å skaffa poteter til huslyden. I Vik fekk ho mykje for pengane. Heime venta fem born. Mannen hadde drukna i Mjømneosen i 1859. «Dei hadde det verre før», sa folk den tida, slik me seier det no.


Bernt var ein habil seglar i ungdomsåra

- På turane til Masfjorden måtte me ha drusteleg med niste. Det var store mjølkespann, potetkaker og stopm (brød). «På saga» var det han Fuse som rådde. Han var sagmeister og dreiv mølla, og han stampa tilmed ty. Han var ein sværing til å arbeida når han først kom i gang. Det hjelpte å stikka til han eitkvart, og det kjende far til. Dei ferdige materialane vart lasta om bord att og rodd inn i Austgulfjorden. Kvaliteten var ekstra god, for tømmeret var hogge i trakter andre ikkje hadde interesse av. Seinvaksen skog er som kjend den beste. 

På turane med storbåten lærde eg sjømannsskap, noko eg fekk god bruk for seinare. Då motoren kom var dokteren den første i heradet som fekk motorbåt. Like etter skaffa den velkjende rekefiskaren «Furnesen» seg båtar med dampmaskin og med motor. 

Konfirmasjonsførebuing 
- Å gå for presten var og som ein skule, men vegen vart lengre - heilt til Eivindvik. Me rodde to og ein halv time kvar veg når det ikkje var høveleg vind til å sigla. Eg var båtsjef sidan eg hadde ei viss røynsle frå turane til Masfjorden. Ein gong kom ei vindrosse og løfta segl og mast ut av båten, som la seg over og tok inn vatn. Til all lukke gjekk me ikkje rundt. 

- Me hadde ofte passasjerar med, men dei tok ikkje eit åretak. Det måtte me unge gjera. Det var ein uvane hjå dei reisande me lite kunne gjera med. 

- Under ei avhøyring spurde presten ei jente frå øyane om Abraham levde. - Ja, svara ho. Då vart ho heimsend for å gå opp att for presten året etter, som skikken var. Men ho døydde stutt etter. Dette tok presten så tungt at han aldri jaga nokon heim att seinare. 

- På turane til Eivindvik var det matpause i ei fin vik ved Guløya sør for Flolid. Berre når me rodde etter jordmora vart matpausane sløyfa. 

Ungdomstida minnest eg med glede 
- Eg hugsar mykje moro frå heimane i oppvekståra. Det var prat og spel og dans på sokkeleisten. I Austgulen var det fleire som kunne kunsten å laga fele. Det var som ungdom eg lærde meg sognespringaren. Sjur Austgulen var læremeister. Foreldra hadde opne hus, men nokre heimar var kanskje grommare enn andre. Sjurstova var toppen. Her var det diskusjonar om alt mogleg, og med friske replikkar. 

- I omgang med jentene var det mange rare skikkar, og dei unge opplevde det gjerne som trongsyn. Det var gale å gå arm i arm, og ein uskikk å gje ein klem eller kyss på kinnet. Når ein var i bryllaup eller til sæters kunne ein ta seg til kva ein ville. I «slonkebolet» vart ein mest tvinga til å finna seg ei jente ved sida. Elles var ein ikkje normal å rekna. 


Her dansar Bernt sognespringar med brura. Han var 97 år då dette bilete vart teke i 1985. 

-I brullaup var foreldra til jenta vertskap. Det bugna av mat og gildet varde fleire dagar. Bryllaupskvelden slo kjøkemeistaren eit slag på bjelken og mana brud og brudgom i seng. Det skulle han gjera tre gonger ut over kvelden. Ved sengetid kom dei gifte seg i seng, medan dei unge måtte nøya seg med halmen på golvet. Det var det dei kalla slonkebol. Her var det om å gjera å få med det fylgjet ein helst ville ha. 

- Bryllaupsdagen vart brura pynta, og den som ville dansa med brura seinare på dagen etter vigslinga måtte betala for det. Ein artig skikk som til dels enno vert praktisert. 

I bryllaup var det vanleg å finna på små spikk. Det kunne vera å gøyma skorne til dei som låg saman i slonkebolet, binda saman føtene til dei som hadde funne kvarandre i halmen, eller å stela graut. Stundom vart loftstrappa fjerna, slik at brurfolket ikkje kom seg ned att. 

- Dei unge fann kvarandre då som no, og det var lett å registrera om ei jente var interessert. Me var nok småforlova både med Sogne- Sunnfjord- og Masfjordjenter i blant. Eg var svært kræsen, ville ha ei god kone. Så vart eg forlikt i Aletta i Øvre Austgulen, og ekteskapet har vore godt og gjevande. Men eg vil seia at den som går ugift gjennom livet har tapt noko verdfullt. Det er godt å ha nokon å høyra til. 

- Ungdomane i fjorden låg ikkje på latsida elles i fritida. Det var ungdomsarbeid av ymse slag, og det var gromt når det aktive skyttarlaget avslutta sesongen med korgefest. Sjøen og båtane batt ungdomen i ulike bygdar saman. Me for over dalen til Brekke, og bygdeboka fortel om mange giftarmål mellom gulingar og brekkingar. 


På sildefiske i Sunnhordland.

Ein lyt finne seg eit levebrød 
- Første møtet med arbeidslivet var fisket. Eg var i eit landnotlag frå Sunnhordland, og min første reiar heitte Jon Økland. Ein vinter var eg kokk, noko eg ikkje hadde vore borti før. Eg hugsar godt alle kjøtstykka med merkepinnar, som synte kven som åtte dei. Dei vart koka saman i store kjelar og fordelte etter øyremerke. Slikt var sundagsmat. Til vanleg fekk ein nøya seg med sild eller fisk. Me hadde alltid kavring med oss i store tønner. 

- Det var ikkje noko kjære mor å vera på vinterfiske. Etter 4 år reiste eg til byen og fekk arbeid på Wingaard Jernstøperi for 2,80 for dagen. Då heldt eg meg hus og mat sjølv. Så vart det bygningsarbeid på Haukeland sjukehus, 10-timars dag for 3,50 og ingen laurdagsfri. Ei tid var eg snømåkar for NSB på Finse. I militæret var eg hestekar på Bergenhus og køyrde ein Islandsponny til og frå festninga. Det var eit «arbeid» eg lika godt, men bylivet var eg lite nøgd med, og for heim att til Gulen. 


Det var lettare å utføre posttenesta i Austgulfjorden etter at Bernt fekk moped. 

Posten skal fram 
- 26 år gamal fekk eg prøva meg som vikar i posttenesta for Kaspar Hauge. Eg rodde posten på fjorden, ei mil kvar veg til og frå Austgulen. Levresund var dampskipsstoggestad,og dit kom rutebåten seint på kvelden, kan henda utpå natta. Det var alltid om natta eg rodde postruta. Eg skulle innom mange stader før eg kom til Austgulen som var endestasjon. 

- I Levresund var det ofte venting på båtane. Det var likevel hyggeleg der. I heimen til Konstanse og Albert Austgulen var det varmt og godt. Albert var skomakar, og mang ein ventetime sat eg planta i lerdungen til skomakaren. 

- Austgulfjorden var ofte lunefull. Her var det sterk vind med rosser. Om vinteren var det isen å stri med. Det førde til at eg både gjekk til fots og nytta ski og båt på postrutene. Eg var lommekjend i alle vikar og nes utover fjorden. Vikartenesta vart til fast stilling. I 1927 vart vegen til Oppdalsøyra ferdig. Levresund vart lagt ned som stoggestad. Framleis borda dei dampen på fjorden. 

Til det brukte dei storbåtar. Mykje last og passasjerar skulle om bord i all slags ver. Det vart gjort ein fantastisk jobb. 

- Yngste bror min, Ingvald, opna ein butikkfilial på Oppdalsøyra i 1925. Her kom det butikkdamer frå Sunnhordland, Sogn og Sunnfjord og andre stader. Det var like spennande kvar gong det var skifte av butikkjente. Det var ikkje lett for dei å koma til Oppdalsøyra, der korkje butikk eller bustad var av første klasse den tida. Og det var eit slit med oljefat, sirupstønner og fiskekassar. I tillegg var det formjøl og eltestasjon for smør. Hjelp var både eg og andre nøydde å gje fleire gonger. Som takk vart det gjerne kaffi og noko attåt medan eg venta på båten. Eg hadde no eit auga med butikken og, at det gjekk bra for seg både inne og ute. Ein god del unggutar hang kring novene, for butikkjentene var som honning for dei. Mange av jentene vart gifte og verande i kommunen. 

- Hesten var i mange år min gode medspelar på postrutene til og frå Oppdalsøyra. På Øyra bygde eg ein eigen stall for at hesten ikkje skulle frysa og ha det vondt. I 1935 kjøpte eg sykkel. Det seier seg sjølv at eg streva ein god del med å få jamvekt i ein alder av nesten 50 år. Men etter ein heil dag og litt av den neste meistra eg kunsten. Eg sveitta fælt den dagen. Så trødde eg av garde, utover Kløvtveitstranda og plystra og song heile vegen. 

- Austgulfjorden, fjella, bygda og folket har gjeve meg mange gode minne, livsglede og lukke. Folket her i bygda har heller aldri vore redde for å ta eit tak for kvarandre, og det har vore ei god kjensle for oss, avsluttar Bernt. 

Medalje for lang og tru teneste 
Bernt Austgulen var postmann i 50 år (1913-1963) og fekk kongens fortenestemedalje for innsatsen. I 1963 overtok svigerson Bjarne Austgulen tenesta. Garden i Øvre Austgulen vert no driven av tredje generasjon. Jorda og dyra har stått Bernt nær, og han har hatt eit eige lag med fjordhesten. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal