Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                
Dingen tønne - og trevarefabrikk i Dingja
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 10.02.2001

I 1912 flytte finsnikkaren Johannes Iverson Steine til Dingja med maskiner og anna utstyr frå Årdal og snikkarfabrikken han hadde der. Etter å ha kjøpt opp eigedom og rettar i Dingja etter Behrens & Kahrs, tok han til med etableringa av det som snart skulle verta Dingen tønne- og trevarefabrikk. 

Ved elva han no sat med retten til, bygde han også ein kraftstasjon, som i tillegg til å forsyne fabrikken med kraft, gav alle som budde i Dingja elektrisk straum - lenge før nokon annan i Gulen hadde slik herlegdom. 

Trevarefabrikken leverte serleg dører og vindauge, og etter den store Bergensbrannen i 1916 gjekk arbeidet på spreng. Steine selde i 1918 til Peder Strand som utvida og moderniserte og dreiv godt i mange år med inntil 18 mann i arbeid, til konkurranse frå nye verksemder gjorde slutt på verksemda i Dingja i 1963. Fabrikken gav då plass for landhandel og postkontor. Landhandelen er ei livsnerve i Dingja den dag i dag og fabrikkbygningen elles har fått nye bruksområde som forsamlingsstad, kafé, overnatting og serviceanlegg for farande både til lands og til sjøs. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal