Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

      
Flykrasj på Mjømna
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 13.10.2004

Våre allierte, - var svært opptekne av dei festningsanlegga som under 2. verdskrig vart bygde i området Ytre Sogn - som Nesje - Rutledal og Riseneset, og dei hadde ofte fly for observasjon. 

Ved eit av desse rekognoseringstokta gjekk tyske fly, som var stasjonert på Herdla flystasjon og Sola, til angrep på dei engelske. I kamp utanfor Nesje vart eit av dei tyske flya råka, og flygaren såg ingen annan utveg enn å søkje attende mot Herdla. Så langt kom han ikkje. 

På Mjømna høyrde folk at eit fly nærma seg, - flyet kom lågt og hadde ein merkbar ujamn motordur og dei vart klar over at noko drastisk kom til å hende. Flyet fall plutseleg med eit brak i bakken på vestsida av fjellet, - men i lufta merka dei at ein fallskjerm kom dalande. Flygaren hadde kome seg ut, og han var heldig med landingsplassen. Han overlevde - men var hardt såra. 

Harald Mjømen, saman med nokre andre, kom til - og med ein stige til båre vart flygaren frakta til gards. 

Stygge beinbrot og opne sår gjorde at dei straks sende bod til distriktslegen, Hallvard Natvik i Eivindvik, som kom så snart han kunne. Det vart forbindingar og spjelking med butikken som operasjonssal. 

Etter velgjort arbeid drog Natvik attende til Eivindvik og flygaren vart send med motorbåt til den tyske vaktstasjonen på Byrknes. Derfrå gjekk turen vidare til sjukehus i Bergen, og venteleg så slapp han å dra på nye tokter i Sognefjorden eller andre stader på ei stund. 

Gjert Iversen, Mjømna, har fortalt denne historia. Han var denne dagen ute på sjøen for å dra liner - og såg det som hende. 

Plassen der flyet fall ned vart kalla Flyhågen etter hendinga. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal