Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

    

              
Med posten inn i fortida
Forfatter: Odin Ottesen jr.
Publiseringsdato: 27.04.2003

80 års post-teneste i Nordøyane av same familie. Ei postrute i Gulen som vart utført sjølv om veret var ufyseleg, særleg om vinteren med kuling, storm, snø og regn. Vintrane var nok tunge å kome gjennom og landingsplassane var ikkje gode alle stadar. 

Denne historia er fortalt av Odin Ottesen jr. til Ingolf Austgulen og er å lese i heftet "Mjømna og øyane" (2002) 
-------------------------------------------------------- 


Johannes Steine

Johannes Steine, bedriftseigar og postopnar på Skjerjehamn, var ein framsynt mann. Han såg kva nytte folket i Nordøyane kunne ha av ei postrute, og han spurde morfar min, Andreas Kvernøy, om han kunne tenkje seg å ta jobben på seg. Morfar svara vel ikkje bekreftande på spørsmålet med det same. Men, han var ein av dei få her i øyane som hadde motorbåt, - og som Steine meinte var egna til dette formålet. 


Andreas Kvernøy
 
Morfar hadde skaffa seg ein brukt motorbåt allereie i 1918, - båten var nærmare 30 fot klinkerbygd, og hadde 5 hk. Gidion. Desse motorane var av svær dimensjon og fylte nesten heile maskinrommet. 
Ei stor sveiv bak på motoren vart nytta når ein skulle starte, etter at motorkula var godt oppvarma av ein svær fyrlampe. Og godt “heit” måtte ho vere - for ellers kunne motoren starte range veien, som førde med seg så mykje røyk at ein såg verken motoren eller maskinisten. Men når Gidionen først kom i gong gjekk den stødig, og var i den tida sett på som ein god driftssikker motor. 

Ruta vert etablert 
Postruta i nordøyane vart etablert 1. juli 1920. Det vart så inngått avtale om å oppretta rute to gonger i veka med morfar Andreas Kvernøy. Ruta omfatta Vatnøy, Glavær, Hille, Litle Kvernøy, Store Kvernøy og Barøy 


Båten til Andreas Kvernøy

Ruta gjekk først rundt i øyane for å hente post, - så til Skjerjehamn og så attende frå Skjerjehamn med post til dei same stadane. 
Ofte var det folk med frå øyane som skulle til Skjerjehamn for å handle. Travelt med mykje folk på butikken kunne seinke, så det var vanskeleg å følgje oppsette ruter. 
Men det gjekk ikkje heilt etter klokka i dei tider og folk kava seg ikkje opp om dei vart litt seine. I 1935 vart Gidionen skifta ut med 5 - 9 hk. Sabb. Farten på båten vart om lag den same. Så tinga han seg ny båt i Hardanger og denne kom til Kvernøy i 1939 og då vart Sabbmotoren montert i nybåten. 

Bror min, Arthur, og eg bytast om å få være med morfar i postruta. Det var litt av kvart på Skjerjehamn i dei dagar. Forutan forretning var der hotell, barkeri, slipp og mekanisk verkstad. Og mens folk handla og morfar ordna med posten rusla eg mange gonger bort på verkstaden for der var der alltid mykje å sjå på. Farty som stod på slippen, montering av plankar på båtane og andre reparasjoner som det var interessant for ein ung gut å sjå på. Det hende at eg gløymde meg heilt bort så dei kom for å hente meg. 

Det var mange beskjedar postmannen fekk med seg på ruta, for i den tida var der ikkje telefon framført til øyane. Ein svært tung melding morfar måtte gå med til ein familie var at yngste dotter deira var død etter å ha vore innlagt på sjukehus i Bergen. Eit hardt bodskap å bæra fram til ein nabo. 


Sønene Arthur og Odin fangar storlaksen mens faren "køyrer" posten... 

Dårleg med olje under krigen 
Under krigen var alle ting rasjonert og olje til båtmotorane var ikkje noko unntak. Oljen vart rasjonert ved at ein fekk utlevert tilvisningar frå forsyningsnemda i kommunen, men den tildelte kvoten strakk sjeldan til for båteigarane. 

På grunn av oljemangel prøvde postmannen å ro og segle den opplagde postruta, men det viste seg å vera svært vanskeleg då ruta var altfor lang. Oljen under krigen var ofte blanda med vatn og grums, så ein måtte passe godt på å bruke tappekranen under tanken, ellers kunne ein lett få motorstopp. I ein periode under krigen var oljen veldig eksplosiv. Den var raudleg på farge, og morfar fekk tilsendt ein stor plakat som han skulle slå opp i styrehuset, - at ingen måtte røyke eller bruke laus eld nær oljetanken. På slutten av krigen kosta oljen 50 øre literen, men då freden kom fall den til 15 øre literen. 

Morfar frakta mange rare ting i båten sin i samband med postruta. Det kunne vere mjølsekkar, eplekassar og proviant. Til og med grisungar fekk vera med etter handleturen i tillegg til mykje anna som dei ville ha med seg heim. Han var av typen som aldri sa nei når nokon bad han om ei tjeneste. 


Odin Ottesen

Far min, Odin Ottesen, tek over 
I 1950 gjekk Andreas Kvernøy av med pensjon etter 30 års postteneste. Same året fekk far, Odin Ottesen, stillinga som postbod i øyane. Han hadde mange år bak seg som sjømann, - var ute i handelsflåten under heile krigen frå 1939 til 1945. 

Mange farefulle og dramatiske hendingar hadde han vore med på. Det var stor glede i heimbygda då dei fekk sjå han igjen vel heime hjå sine kjære. Postruta som Odin Ottesen tok til med i 1950 var noko omlagt, - slik at han gjekk først til Skjerjehamn for å hente posten, så i ruta rundt i øyane og leverte og samstundes henta post for å gå attende til Skjerjehamn for sending der frå. Omlegginga førde til at folk i øyane ikkje lenger kunne følgje med ruta til Skjerjehamn for å handle, men på den tida hadde folk flest i øyane skaffa seg sine eigne motorbåtar. 


Butikken på Skjerjehamn

Far hadde ein liknande motorbåt som morfar som han brukte i postruta. Frå 1952 vart ruta utvida til 3 gonger i veka og Randal vart knytta til ruta. Dei hadde tidlegare måtte hente posten sin sjølve på Skjerjehamn. Eg var mykje med far i postruta når eg var heime, både i ruskever og stille. 
Etterkvart vikarierte eg i ferier og under sjukdom. Posten var slik den gongen at lite vart endra i systemet. Var ein først komen inn i det så kunne det vare år ut og år inn og det gjekk som oftast greitt. 

Postruta vart utført sjølv om veret var ufyseleg, særleg om vinteren med kuling, storm, snø og regn. Vintrane var nok tunge å kome gjennom. Landingsplassane var ikkje gode alle stadar. Ei lita steinbrygge eller andre stadar berre berget. Først i seinare tid kom der skikkelege brygger rundt om. Mens far gjekk i postruta vart det sett opp postkassar ved landingsplassane, - men folk møtte som regel opp når ruta kom der likevel. 

Far gjekk av med pensjon i 1968, ei tenestetid på 18 år. 


Bernhard Hesvik på Skjerjehamn

Ei ny tid - mykje endra seg 
På Skjerjehamn hadde mykje endra seg i desse åra. Johannes Steine døydde alt i 1945. og Ingolf Troland frå Austevoll og kona Arny overtok drifta med handel, post, telefon, dampskipsekspedisjonen og hotellet. Bernhard Hesvik og kona Sigrid overtok drifta på Skjerjehamn i 1954, og i mi tid som postbod i øyane var det familien Hesvik eg hadde med å gjere. 


Familien Hesvik

Motorbåten min var noko mindre enn mine forfedre, men eg fekk bygd hus på han og med ein 5 - 9 hk. Sabb motor, gjekk ruta sikkert og støtt. I mi tenestetid var det svært mykje postsendingar, - spesielt ved juletider, folk var seint ute med julesendingane. Dei kom liksom alle på ein gong. Det hende at eg hadde 7-8 fullpakka store sekker med julepost frå postkontoret på Skjerjehamn, og liknande med post attende for sending andre vegen. Ved juletider var det som regel eit ufvse ver med snø, regn og sterk vind. 

Postkontoret på Skjerjehamn vert nedlagd 
I juli månad 1981 vart postopneriet på Skjerjehamn lagt ned og postruta til øyane opphøyrde. Poststyrar Hesvik var blitt pensjonist og flytta frå staden. Frå same tid vart postopneriet flytta til Mjømna og eg fekk mine ruter lagt opp der frå. No kom Risøy med, dei hadde ikkje hatt postrute tidlegare. 


F.v. Bjarne Fagerbakke, Reidar Flethe (Førde postkontor), Odin Ottesen og Astrid Fagerbakke.

Poststyrar på Mjømna var Astrid Fagerbakke som dreiv handelen der i den tida. Samarbeidet var godt, - etter ei tid fekk eg litt kortare rutetid sidan Randal nå fall ut grunna vegen som kom. Eg kunne starte frå Litle Kvernøy ein time seinare om morgonen og det passa meg godt. 

I 1988 investerte eg i ein ny plastbåt, 24 fot med 49 hk. Perkins motor. Båten var kjekk, hadde god fart og det var slutt med oppfyring. Eit trykk på startknappen og så var det avgåre. Men kulingen og stormbygene kom eg ikkje klar og eg minnast at dei første 3 åra frå Mjømna var svært ille med omsyn til veret. I dei siste åra i postruta fekk eg montert mobiltelefon ombord av postverket, og det gav mykje tryggleik på rutene. 


Den nye postbåten

Den 27. februar 1997 gjekk eg siste postruta. Når eg ser tilbake så har desse åra i posttenesta tross alt gått forholdsvis fort. Det har nok samanheng med at eg har kunne dreve med mange gjøremål ved sida av. Mange minner frå mine 30 år som postmann har eg, - men ein kan ikkje skriva om alt. 


Postbåten i Glavær. Postkunde Ottar Straume. 

Blåse med jente flytande i sjøen 
Med våre postbåtar i familien, med til saman nær 80 år fartstid, - så har det ikkje hendt noko havari eller forlis av noko slag. 
Men eg og mine forfedre fekk nok alle være med på sterke opplevingar i osane og rundt om i øyane her ute. Den hendinga som sit sterkast i mitt minne, er då bror min Arthur og eg kom i postruta og ute i Ålenapposen merka ei flytande blåse på ein uventa plass. Ved å granske dette såg vi ei ungjente, Rita Birknes frå naboøya Hille henge fast i denne. Snakk om å kome i rett tid på riktig stad for å redde jenta. 

Fiskebåten hennar hadde sokke under henne i kulingen med både fiskefangsten og garna midt på fjorden. 

Vi har ellers hatt mange felles leiteaksjonar etter sakna øybuarar og andre, ikkje minst då Mariann Birknes og faren Jørgen rak opp i brotta ute mot Sognesjøen i eit forrykande ver ein kveld i februar 1989. Dei vart også redda i siste liten - etter 17 timar på ein liten holme, gjennomvåte etter symjeturen frå eit overflødd skjer. 

Ei ikkje så drastisk hending var når ein fiskar gjekk seg på eit skjer inne ved Skjerjehamn. Sjøen fjæra og båten stod fast på grunnen. Med full “skrue” på motoren greidde eg å trekke han av skjeret. Dette gløymde han ikkje, og då jula nærma seg, kom der eit fint juletre frå han som takk for hjelpa. 


Litle Kvernøy. Huset i framgrunnen er heimen til Odin Ottesen. 

Trivelege møteplassa på Skjerjehamn 
Sterke minner om det gode samarbeidet med postopnarane og dei blide postdamene bør takast med. På Skjerjehamn i butikken og på postkontoret dukka det stadig nye damer opp og i tida før krigen og fram til femtiåra var der eit oppkomme av unge trivelege jenter. Til hotellet, posten, telefonstasjonen og butikken kom dei, mange frå strilelandet. Og når verkstaden, slippen, trelastlageret og andre ting var i gong var der også ein god del unge gutar på den lille “holmen”. 

Og så alle båtane, fiskarar og øybuare som gjorde sine ærend til Skjerjehamn med alt der var å by på, ja så vart det mange forelskelsar i desse åra. Dusinet fullt forlova seg og fekk prestens velsignelse for ekteskap etter kvart. 

Forholdet til våre postkundar rundt om på øyane har alltid vore det beste. Etter at eg hadde festa postbåten 27. februar 1997 og stoppa motoren gjekk eg stille og roleg opp mot huset, og kona Margot hadde då, som så mange gonger før, kaffen klar. 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal